Klubbkveld på G-sport onsdag 25. oktober

Postet av Førde IL - Langrenn den 23. Okt 2017







Klubbkveld onsdag 25.oktober 2017

Erdal sport og Førde langrenn inviterer til klubbkveld 25. oktober 17.00-20.00.
Det vil vere representantar frå levrandørar av skiutstyr.
På klubbkveld er det 25% på heile butikken, unntak av elektronisk
utstyr.

Vel møtt!



Fellestrening rulleski Søndagar!

Postet av Førde IL - Langrenn den 20. Okt 2017

Oppmøte på langeland kl 18.00, treninga er ferdig ca 19.30.

Målgruppe er utøvarar født i 2005 og eldre, -yngre kan vere med men då må foresatte vere med. 

Dersom det er minusgrader/glatt vert det ikkje rulleskitrening. Alternativ trening vil då evt bli annonsert.

Velkommen på trening😊




Miljøsamling Beitostølen 24-26 November

Postet av Førde IL - Langrenn den 19. Okt 2017

Miljøsamling Førde IL Langrenn.

 

Stad: Beitostølen

Tidspunkt: 24.-26. november 2017. Avreise fredag ”etter lunsj”. Heimreise søndag ettermiddag.

Pris: Pris for overnatting er ca kr 900.- pr. person for heile opphaldet. Merk at pris kan avvike litt, avhengig mellom anna av antall påmelde. Eventuell løypeavgift må kvar enkelt dekke sjølv. Kr 50 pr.døgn i 2016. Mat og transport kjem i tillegg.

Påmelde utøvarar vert tilsendt faktura for opphaldet direkte frå Førde IL Langrenn.

Informasjon om reserverte hytter: Arena 1  http://www.bookingservice.no/i...

Arena 20 http://www.bookingservice.no/i...

Arena 23 http://www.bookingservice.no/i...

Arena 5: http://bookingservice.no/index...

Målgruppe: Samlinga er open for alle. I utgangspunktet har vi ca 40 sengeplassar, dersom det vert fleire påmeldingar enn det er sengeplassar vil ein vurdere å reservere fleire hytter.

Førebels program: 

Fredag 24. november 2017

  • Ved ankomst, økt 1: Roleg langtur friteknikk, 1t 20 min.- 1t 45min.


Laurdag 25. november  2017

          Kl. 09.00, økt 1: Roleg langtur klassisk, 1t 30min.-2t

  • Kl. 16.00, økt 2: Distansetrening friteknikk/ klassisk, 1t 30 min.-2t

Laurdag kveld samlar vi alle på den største hytta til felles måltid og hygge.

  

Søndag 26. november 2017

  • Kl. 09.00, økt 1: Roleg langtur friteknikk, 1t 30 min – 2t


Trenarar: Yngve Thorsen  m.fl.

 

Påmelding: Påmelding innan måndag 06.11.17  til: yngve.thorsen@skiforbundet.no

Påmeldinga er bindande.

Påmelde utøvarar og føresette vert tilsendt detaljinformasjon i god tid før samlingsstart.

Utøvarar under 18 år kan ikkje reise aleine. Ein vaksen kan ha ansvar for fleire barn, men det må avklarast i førekant og opplysast om ved påmelding.

Meld deg på!

Mvh

Førde IL langrenn

 

Utstyrsliste

- sengeklede/sovepose

- godt med treningsklede

- superundertøy / ullundertøy

- overtrekksklede

- handkle

- fritidsklede

- toalettsaker

- innesko

- hue, hanskar / vottar

- drikkebelte / drikkeflaske

- liten dagstursekk

- godt med sokkeskift

- fleecegensar / ullgensar

- klassisk og skøyteski med tilhøyrande stavar og sko

- skismurning

 



Open dag på Langeland laurdag 21. oktober

Postet av Førde IL - Langrenn den 18. Okt 2017

Open dag på Langeland, laurdag 21 oktober, kl 12-15.

Hei alle skivener. Set av laurdag 21 oktober. Då inviterer Førde IL Langrenn til Open dag på Langeland Ski og Fritidssenter.

-Kjøp/Sal/byte av skiutstyr – Finn fram utstyr som de ynskjer å selje, byte vekk.
-Enkle praktiske råd om skipreparering – Erdal Sport og Førde langrenn har «kurs».
-Gratis utlån av rulleski til store og små. Må ha eigne sko og stavar. Hugs hjelm.
-Aktivitetar på rulleski, med trenarar frå Langrennsgruppa.
-Sparebanken Sogn og Fjordane, vår hovudsponsor,  har stand, ma med opplæring i Vipps.
-Langrennsgruppa  serverer kaffe, saft og noko å bite i. Gratis!!!
-Kanskje nokre overraskingar til nokre av dei som kjem???
-Bli kjent med langrennsmiljøet. Styret i Langrennsgruppa vil vere tilstades.

Langrennsgruppa er opptatt av gjenbruk og miljø og håper at mange finn fram skiutstyr dei vil selje eller byte.  Ved spørsmål, kontakt Bjørn K Sunde, 47903713.

Velkommen
Førde IL Langrenn



Gratulasjonar til Langeland ski- og fritidssenter

Postet av Førde IL - Langrenn den 16. Okt 2017

Førde IL langrenn vil gratulere Langeland ski- og fritidssenter med opninga av rulleskianlegget. Vel 200 personar var til stades på den offisielle opninga i går. Vi vil også gratulere med tildeling av Skiforbundet sin anleggspris som vart utdelt i samband med opninga!

 https://www.firda.no/sport/for...



Powered by: Bloc