Informasjon om trening torsdag.

Postet av Førde IL - Langrenn den 28. Nov 2017

Velkommen til sesongens første trening på langeland for dei yngste.                                        1-6 klasse trenar på langeland torsdag fra kl 18-19. Friteknikk.

7 klasse og eldre ynskjer å halde fram med kondisjon/styrketrening på Sunde fram til nyttår. Oppmøte kl 18. Innedelen byrjar kl 19. Du vel sjølv om du vil delta på heile økta eller berre ute eller innedelen. 



Norgescup på Gålå

Postet av Førde IL - Langrenn den 26. Nov 2017


I helga har det vore arrangert første runde i norgescupen på Gålå.

Frå Førde har mellom anna Adrian Helgheim (bilete) delteke. Som mange nok har fått med seg har også Gjøran Tefre vore i aksjon, og har som Firda skriv "slått Petter Northug " ( https://www.firda.no/sport/ski...). Resten av Førde sin tropp, og deira resultat kan de sjå i tabellen under.

klasse15 km friSprint klassisk5/10/15 km klassisk
Gjøran TefreMsr112358
Torstein BuMsr443261
Adrian HelgheimMsr123107140
Andreas Bjørvik FugleMjr6830
Inga Kårstad Skaar
K 19/2042

Fullstendig resultatliste finn de her: http://www.galaidrett.no/index...



Resultat frå Beitostølen

Postet av Førde IL - Langrenn den 20. Nov 2017

Sesongen er i gang, og under kan de sjå resultata frå våre utøvarar på Beitostølen i helga. Gjøran fekk ein fin 7. plass på sprinten laurdag!


15 km klassiskklassisk sprint15 km fristil
Gjøran Tefre46732
Tostein Bu7538
Roger Øye Pollen11294
Adrian Helgheim14899

Fullstendig resultatliste finn de her: http://www.beitoworldcup.com/b...



Sesongopning på Beitostølen

Postet av Førde IL - Langrenn den 16. Nov 2017

I helga er det klart for sesongopning med Beitosprinten på Beitostølen. Fredag skal løparane gå 10 og 15 km klassisk, laurdag er det klassisk sprint, og helga vert avslutta med 10 og 15 km fristil på søndag.

Frå Førde stiller følgjande løparar:

Gjøran Tefre

Roger Øye Pollen

Torstein Bu

Adrian Helgheim


Vi ønskjer lukke til!


http://www.beitoworldcup.com



Overnatting på BAMA Ungdommens Holmenkollrenn

Postet av Førde IL - Langrenn den 15. Nov 2017

Overnatting i høve BAMA Ungdommens Holmenkollrenn Oslo - 03.-04. februar 2018.

 

Ungdommens Holmenkollrenn er landsrenn for årsklassane 13 og 14 år i Holmenkollen (f.2005 og 2004)

 

Vi har henta inn tilbod frå Scandic Holmenkollen Park hotel  - som ligg ca. 5 min. gange i frå arrangementsområdet  og er dermed en praktisk stad å overnatte i høve dette arrangementet – i tillegg er det sosialt og kjekt om fleire bur på same staden.

 

Førde IL langrenn har mottatt følgande tilbud:

 

Vi kan tilby kr 995,- per person i dobbelt og trippelrom pr natt (fredag – søndag).

Ønskes enkeltrom er tillegget kr 300,- per natt.

Denne prisen inkluderer;

-       Overnatting

-       Frokost

-       Matpakkesmøring

-       Middag, inklusiv en drikke (saft e.l.)

-       Kornbuffet på kvelden

 

Ein er oppmoda om å gjere ein felles reservasjon -  dermed fint om dei som ynskjer overnatting

melder dette innan måndag 20.11.17. (Individuell betaling pr familie ved avreise).

 

I vinter var det totalt 14 jenter og gutar frå Førde IL langrenn som deltok på BAMA Ungdommens Holmenkollrenn – ein håpar at vi kan stille ein minst like stor tropp til vinterens arrangement!

 

Legg inn navn, antall og tlf. nr. i kommentarfeltet på facebook.



Sportsplan 2017-2018

Postet av Førde IL - Langrenn den 1. Nov 2017

Sportsplan for 2017-2018 finn de no her: http://langrenn.fordeidrettsla...