Sølv til Gjøran i U-23 NM!

Postet av Førde IL - Langrenn den 27. Feb 2017

I helga har det vore arrangert Norgescup og U-23 NM på Nannestad. Laurdag gjekk løparane sprint klassisk, og søndag stod 30 km friteknikk på programmet. Frå Førde deltok Gjøran Tefre, Oddne Håvardstun Munkvold, Roger Øye Pollen og Torstein Bu.

På søndagens tremil gjekk Førdeløparane i selskap med fleire løparar som er aktuelle til VM-femmila i Lahti neste helg, og det var såleis eit sterkt felt. Gjøran hamna her på ein sterk 7.-plass totalt, og altså med sølv i klassen U-23, der distansen også tel som NM. Gratulerer!

Alle resultata til Førdeløparar ser de nedanfor, og fullstendige resultatlister finn de her: http://kxweb.no/portal/public/showContentCategory....


SprintSprint U2330 km30 km U23
Gjøran Tefre13572
Oddne Håvardstun Munkvold1198213386
Roger Øye Pollen113774829
Torstein Bu44254223


Open kiosk 25.-26.02.17

Postet av Førde IL - Langrenn den 24. Feb 2017

Endeleg snø og opne løyper.

Kiosken er open både lørdag og søndag kl 11-16



Det blir Kalsetrenn likevel!

Postet av Førde IL - Langrenn den 23. Feb 2017

Med bakgrunn i endra snøforhold det siste døgnet er det beslutta at Førde IL langrenn vil arrangere eit alternativt Kalsetrenn i lysløpenettet på Langeland. Rennet skal gå på terminfesta dato, førstkommande søndag 26. februar frå kl. 12. Rennet vil straks bli opna for påmelding.

NB! dette gjeld konkurranseklassen.

Det er framleis ikkje tilstrekkleg snø til at rennet skal kunne arrangerast som ordinært i langløypene.

Når/dersom ein får tilstrekkelege snøforhold i langløypene vil ein sette opp eit arrangement for turklassen.

Klasseoversikt/løypelengder:

Junior/Senior: 4 rundar i 5 km-sløyfa: løypelengde: 20 km Start kl. 13:05

Klasse 15-16 år: 2 rundar i 5 km-sløyfa: løypelengde: 10 km Start kl. 13:00

Klasse 13-14 år: 1 runde i 5 km-sløyfa: løypelengde: 5 km Start kl. 12:00

Klasse 11-12 år 1 runde i 3 km-sløyfa: løypelengde: 3 km Start kl. 12:05

Klasse 10 år og y. 1 runde i 2 km-sløyfa: løypelengde: 2 km Start kl. 12:10

Vi beklager sein informasjon og dette, men det var umogleg å ta ein slik beslutning før i dag. No håpar vi at mange har lyst til å gå skirenn på søndag, og at alle hjelper til å spreie ordet, sidan vi ikkje har fått tid til noko meir omfattande annonsering!



Karusellrenn nr. 3 tysdag 28. februar

Postet av Førde IL - Langrenn den 22. Feb 2017

Karusellrenn nr. 3 blir arrangert tysdag 28. februar, og er opna for påmelding. Rennet går i klassisk stil.

Gjer vel å sjekke om du har fått oppgåver knytt til rennet http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13915/dugnads...




Kalsetrennet er utsett

Postet av Førde IL - Langrenn den 22. Feb 2017

Det tradisjonsrike Kalsetrennet er terminfesta til søndag 26. februar. På grunn av snøfoholda vil det ikkje vere mogleg å gjennomføre rennet denne datoen. Vi vel difor å utsette Kalsetrennet på ubestemt tid, med håp om snøforhold seinare i sesongen. Informasjon om ev. ny renndato vil bli kommunisert på nettsida vår.



Nye klubbhuer frå Erdal Sport til ungdomsgruppa

Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Feb 2017

I helga var heile 14 gutar og jenter frå Førde IL langrenn deltakar på Bama Ungdommens Holmenkollrenn i Oslo.

Dette var fordelt med 8 gutar i G-13, 2 jenter i J-13, 1 gut i G14 og 3 jenter i J14 (årsklassar 2004 og 2003).

Utøvarane fekk i samband med arrangementet utdelt nye klubbhuer – sponsa av vår samarbeidspartnar Erdal Sport.

Utøvarane frå Førde gjorde elles mange gode prestasjonar og plasseringar – både på jente og gutesida, og dei fekk oppleve Kollen både i den velkjende tåka og i strålande solskin. Vi vonar at Kollen-helga medvirkar til påfyll av inspirasjon og motivasjon til vidare satsing på langrenn.

Om knappe to veker går Hovudlandsrennet i langrenn av stabelen på Tolga. (3.-5. mars). Då er det 15- og 16-åringane som skal ha sitt landsrenn.

Også deltakarane her vil motta dei same klubbhuene. Takk Erdal Sport!



Gode resultat på Voss!

Postet av Førde IL - Langrenn den 17. Feb 2017


Første dag av Norgescup for juniorar på Voss er unnagjort, og det med sterke løp frå fleire av våre løparar.

Mellom anna vart Vetle Uhre Hammersvik nr. 9 på 10 km friteknikk i klassen M 18 og Synneva Iren Kvile vart nr. 13 på 5 km friteknikk i klassen K 17.

Gratulerer med flotte løp og lukke til vidare i helga!

Gjengen på Voss melder elles om bra forhold i løyper av kunstsnø.

Fullstendige resultatlister finn de her:

http://www.skiforbundet.no/voss/start--og-resultat...



Ungdommens Holmenkollrenn 2017

Postet av Førde IL - Langrenn den 17. Feb 2017


I helga er det klart for sesongens store høgdepunkt for langrennsløparar på 13 og 14 år, nemleg Ungdommens Holmenkollrenn. Arrangementet går over to dagar med løp i klassisk stil laurdag, og friteknikk på søndag. Førde IL langrenn stiller med ein stor tropp i nasjonalanlegget:

Gutar 13 år:

Mathias Helgheim

Martin Espe

Thomas Tefre

Erik Alnes Litsheim

Ole Martin Nondal

Tobias Holme

Andreas Tefre

Ulrik Konstantin Nielsen

Jenter 13 år

Mali Monica Engesæter

Linnea Otternes Lundekvam

Gutar 14 år

Steffen Sjøvold Igelkjøn

Jenter 14 år

Kristina Skaflestad Hegrenes

Hedda Kleiven Eikeset

Thea Etterlid Lundekvam

Arrangøren har følgjande informasjon om smøreboder:

"Vi bruker bodene som ligger til venstre for det 3-etasjes brune huset (sett fra skistadion). Dette er de samme bodene som ble brukt i fjor.

Hver av smørebodene har inngang fra utsiden, rett bak Nordtug-sletta.

Smørebodene er tilgjengelige fra kl. 11 fredag.

Det er bord til 2 stk. profiler i hver av bodene. Bord utover dette må dere ta med selv.

I det brune huset så holder Superski til. De er en del av Bull Ski & kajakk og kan være behjelpelig med smøretips. Bull er også til stede i Holmenkollen lørdag og søndag så det er mulig å supplere med diverse ting dersom man skulle mangle noe. Det er mulig at Superski også har produkter for salg.

Det meldes om fine forhold i løypene. Det er kunstsnø i hele løypa. Det er fast underlag, i hvert fall nå."

Klubben ønskjer heile gjengen lukke til!

https://bvhif.klubb.nif.no/arrangement/uholmenkoll...



Stor tropp frå Førde til Norgescup på Voss

Postet av Førde IL - Langrenn den 17. Feb 2017

Frå i dag fredag, til søndag vert det arrangert Norgescup for juniorar på Voss. Fredag står 5 og 10 km friteknikk på programmet, laurdag er det sprint friteknikk, og helga vert avslutta med 7,5, 10 og 15 km klassisk på søndag. Frå Førde IL langrenn er desse løparane meldt på:


M 18 Brage Burø Sunde

M 18 Vetle Uhre Hammersvik

M 18 Eirik Nordeide Berg

M 19/20 Aleksander Sunde Kvile

M 19/20 Adrian Helgheim

M 19/20 Andreas Bjørvik Fugle

K 17 Synneva Iren Kvile

K 17 Ane Brekke

K 18 Inga Kårstad Skaar

Klubben ønskjer lukke til!

http://www.skiforbundet.no/voss/



Stengt kiosk 18.02.-19.02.17

Postet av Førde IL - Langrenn den 16. Feb 2017

Det er kunstsnø i 1 kilometeren og på stadion. Det var gode tilhøve på tysdag under karusellrennet.

Verutsikter lovar dårleg for den store aktiviteten på ski i helga. Vi har og mangel på personell, dette gjer at vi ikkje greier å halde kiosken open.



Dugnadslister for resten av skisesongen

Postet av Førde IL - Langrenn den 13. Feb 2017

Sjølv om sesongen så langt har vore vanskeleg med tanke på snøforhold, må vi håpe at vi får høve til å arrangere skirenn no utover seinvinteren. Mannskaplister for karusellrenn 3-6, Kalsetrennet og SSF-Cup Finalen finn de no her:

Karusellrenn: http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13915/dugnads...

Kalsetrennet: http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/19334/mannska...

SSF-cup finale: http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/18349/mannska...

Vi håpar de har forståing for at det kan verte endringar av datoar (karusellrenn 3 og 4 har foreløpig ikkje dato). Skulle det verte heilt håplaust å få arrangert lagsmeisterskap og SSF-Cup Finalen vil det også kunne vere aktuelt å flytte rennet til annan arrangørstad.

All informasjon vil bli kommunisert på nettsida/facebook så fort vi veit meir.

Informasjon om rennet i morgon (løypelenger o.l) vert kommunisert seinare i dag.



Open kiosk søndag 12.02.17 kl. 11-14

Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Feb 2017

Det vert produsert snø i heile natt og ei tid ut over laurdag. skifigur.jpgEin tek sikte på skiforhold og open kiosk søndag.

Opningstidene i kiosken søndag vert 11:00 - 14:00





Jubileumsvandring til Hafstadfjellet fredag 17. februar

Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Feb 2017


Det er 20 år sidan Førde fekk bystatus og det skal feirast. Jubileumshelga vert starta med ei folkevandring opp Hafstadkleiva til Hafstadfjellet.

Oppmøte fredag 17.2 kl. 18.00 ved Rådhuset.

Førde kommune stiller med 1000 faklar, men dette håpar dei at ikkje er nok, så dei ber folk om å ta med hovudlykt.

Vi veit at mange er opptekne med skirenn og andre arrangement denne helga, men for dei som har høve vil det vere ei fin oppleving å gå i fakkeltog til Hafstadfjellet!

Arrangøren har oppretta ei gruppe og eit arrangement på facebook, der de finn meir informasjon, og kan "melde dykk på". Gruppa heiter "Førde by 20 år", eller de kan finne den på linken her:

https://www.facebook.com/F%C3%B8rde-By-20-%C3%A5r-...

https://www.facebook.com/events/1752463751747850/


Her finn de innbydinga frå arrangøren:

Førde by 20 år.pdf



SSF Karusellrenn nr. 2

Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Feb 2017

Snøkanonane går for fullt på Langeland, og vi kryssar fingrane for snarleg opning av løypa. Dersom alt går etter planen vert karusellrenn nr. 2 arrangert på Langeland førstkommande tysdag. Rennet går i friteknikk, og det er mannskapslista for renn nr. 2 som gjeld.

Rennet er ope for påmelding.

Mannskapsliste finn de her: http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13915/dugnads...



Frivillige til Tour des Fjords

Postet av Førde IL - Langrenn den 9. Feb 2017


Onsdag 24. mai 2017 går Tour des Fjords etappen frå Balestrand til Førde. Arrangøren melder om ein spektakulær sykkelfest med mykje moro!

For å hindre ulukker og skader på syklistar og tilskodarar er det behov for mange vakter ute i løypene. Arrangøren treng 120 vakter frå Movatnet og rundt løypa i Førde.

Førde Idrettslag er ansvarleg for å få frilvilige vakter på plass, og vi oppfordrar no dei som har mogleheit til å melde seg. Dette blir ei stor oppleving å vere med på!

Arrangøren vil komme med meir informasjon, men det er viktig for dei å vere tidleg ute for å sikre seg nok vakter.

NB! Løypevaktene må vere over 18 år.

De kan melde dykk som frivillige vakter slik:

http://tourdesfjords.no/



Tidenes beste plassering på NM-stafett!

Postet av Førde IL - Langrenn den 5. Feb 2017

NM på Lygna vart i dag avslutta med stafett. Laget frå Førde gjorde ein flott jobb, og enda på 22. plass. Dette er beste plassering nokonsinne for eit lag frå Førde!

Gjøran Tefre starta stafetten på beste vis, og veksla som nr. 4! Roger Øye Pollen gjekk andre etappe, før Ole Martin Erdal avslutta med siste etappe for Førde.

Gratulerer til dei tre utøvarane, og til Førde IL langrenn med ein godt gjennomført stafett!



Stengt kiosk 04.02 - 05.02.17

Postet av Førde IL - Langrenn den 3. Feb 2017

Det er framleis ikkje snø i anlegget og dermed ikkje grunnlag for å halde open kiosk.



NM på ski 2017

Postet av Førde IL - Langrenn den 1. Feb 2017

Torsdag 2. til søndag 5. februar går NM på ski av stabelen på Lygna. NM startar med 10 og 15 km klassisk på torsdag, og held fram med sprint friteknikk fredag og skiathlon laurdag. NM vert avslutta med stafett på søndag.

Frå Førde IL langrenn er følgjande løparar påmeldt:

Gjøran Tefre

Oddne Håvardstun Munkvold

Roger Øye Pollen

Torstein Bu


Førde IL langrenn stiller også med eit herrelag på stafetten søndag. På laget stiller Gjøran, Roger og Torstein.

Vi ønskjer lukke til!


Foto viser Gjøran og Torstein på NM i fjor.

Meir informasjon om årets NM finn de her: https://lygna2017.no/