5. plass til Førde IL på lagsprint i NM!

Postet av Førde IL - Langrenn den 31. Mar 2017

Foto: Gjøran Tefre og Torstein Bu (foto: Kjell Bu)

Torstein Bu og Gjøran Tefre gjekk Førde IL inn til ein knallsterk 5. plass i finalen i lagsprint under NM på Gåla i går. Gratulerer!

Fleire Førdeløparar skal i aksjon under NM-del 2 på Gåla, som også er norgescupfinale for juniorar.

I dag fredag står 5 og 10 km fri på programmet, laurdag skal seniorane gå 30 og 50 km klassisk, medan juniorløprarane avsluttar norgescupsesongen med skiathlon på søndag.


Desse er påmeldt frå Førde:

Vetle Uhre Hammersvik M 18

Gjøran Tefre M senior

Ole Martin Erdal M senior

Oddne Håvardstun Munkvold M senior

Roger Øye Pollen M senior

Torstein Bu M senior

Synneva Iren Kvile K 17

Karoline Erdal K19/20


http://www.nmgala.no/Hjem




Medlemspris for Førde IL langrenn på Erdal Sport

Postet av Førde IL - Langrenn den 31. Mar 2017

G-sport logo.jpg


Akkurat no sel G-sport Erdal Sport racingski frå Fischer, Rossignol og Madshus for 50 % av veil. pris til medlemmer av Førde IL langrenn. Tilbodet gjeld ski i butikk og varer ut veke 14.



Open kiosk søndag 26.03.17

Postet av Førde IL - Langrenn den 26. Mar 2017

Kiosken held ope i tida11:00-16:00.



Kongleskileikar lørdag 25.03 kl 12-15

Postet av Førde IL - Langrenn den 23. Mar 2017




Vår hovudsponsor, Sparebanken Sogn og Fjordane, arrangerer Kongleskileikar på Langeland, laurdag 25 mars. Langrennsgruppa er med å lage aktiviteter for ungene og då treng vi hjelp av nokre vaksne til organisering og utøvarar (14-15 år og oppover) til å vere med på aktivitetar. Dette er ein kjekk dag å vere med på og vi får gitt noko tilbake til banken.

Frammøte på Langeland, kl 10.30. Ferdig ved 15 - tida. Meld tilbake om du kan vere med.

Meld til Ørjan Igelkjøn 911 91 092

For meir info http://kongleriket.no/aktivitetar/forde/kongleskil...



Mangler personell til kiosk lørdag

Postet av Førde IL - Langrenn den 23. Mar 2017

Hvem kan ta kioskvakta på lørdag 25.03.17

Kan du så ring og avtal med Gry Aase Alnes

Tlf 90069957



Fornya samarbeidsavtale mellom Førde IL langrenn og Sparebanken Sogn og Fjordane

Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Mar 2017

Bilete: Nøgde representantar for Sparebanken Sogn og Fjordane og Førde IL langrenn. F.v. Aleksander Dvergsdal, Arne Helgheim, Bjørn Krisitan Sunde og Irene Kjøsnes Bu


I dag vart ny hovudsponsoravtale mellom Førde IL langrenn og Sparebanken Sogn og Fjordane signert.

Kontrakten varer i tre år – frå 2017 og ut 2019.

For Førde IL langrenn er hovudsponsoravtalen med Sparebanken Sogn og Fjordane viktig – i forhold til å kunne oppretthalde gjeldande aktivitetstilbod.

Partane er gjensidig fornøgd med at ein ny langsiktig samarbeidsavtale er inngått.

Førde IL langrenn oppmodar våre medlemmar til å nytte seg av Sparebanken Sogn og Fjordane sine tenester innan bank, forsikring og eigedomsmekling.






Treningsklokke funnet 19.03.17

Postet av Førde IL - Langrenn den 19. Mar 2017

Treningsklokke funne på parkeringsplassen ved Langeland skisenter 19.03.1

Eigar får klokka att ved å kontakte Gry Aase Alnes på telefon 900 69 957



1 Kommentar

Nøkkel funnen på Langeland

Postet av Førde IL - Langrenn den 18. Mar 2017

Nøkkel

Eigar og nøkkel er gjenforent.



Resultat SSF cup finale Førde 18.03.2017

Postet av Førde IL - Langrenn den 18. Mar 2017

Resultat.pdf



Open kiosk 18.3 og 19.3.17

Postet av Førde IL - Langrenn den 18. Mar 2017


Fine forhold og stor aktivitet Lørdag i samband med finale i SSF-Cup.

Kiosken open begge dagar kl. 11-1



Startliste SSF cup finale Førde

Postet av Førde IL - Langrenn den 18. Mar 2017

http://live.eqtiming.no/35497?search=SSF+cup+final...


Startliste



SSF-cup finale og Karusellrenn nr. 4

Postet av Førde IL - Langrenn den 17. Mar 2017

Etter ein hektisk og komprimert skisesong, er det straks klart for dei to siste skirenna, som skal arrangerast på Langeland denne sesongen. I morgon, laurdag, er det finale i SSF-cupen og tysdag 21. mars vert karusellrenn nr. 4 (utsett frå tidlegare i vinter) arrangert. Begge renna vert arrangert i fristil og er opne for påmelding.

Påmelding skjer via Minidrett https://minidrett.nif.no/

Mannskapslister for dei to renna finn de her:

Karusellrenn nr 4: http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13915/dugnads...

SSF-cup finale: http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/18349/mannska...



Løype og distansar karusellrenn 6-2017

Postet av Førde IL - Langrenn den 14. Mar 2017

I dag vert det renn i sprintløypa, gamle og nye. Runda er 1,97km om ein går bort i enden av flata og snur der.

Distansar:

Alle opp til og med 12år – 2km

13-14 år går 3km

15-16år går 5km

Jente/kvinner 17år og eldre 5km

Gutar/menn 17 år og eldre 10km

1.heil runde er 2km. Gamle sprinten (over brua og til enden av flata) er 1km.

2km – Ei runde

3km – Ei heil runde og ei runde i gamle sprinten

5km – To heile runder og ei runde i gamle sprinten

10km – 5 heile runder


2 Kommentarer

Karusellrenn nr. 6 - lagsmeisterskap og merkerenn 14. mars

Postet av Førde IL - Langrenn den 13. Mar 2017

I morgon vert karusellrenn nr. 6 arrangert på Langeland. Rennet er også lagsmeisterskap og merkerenn. Rennet går i fristil.

Påmelding kan de gjere via denne linken:

https://mi.nif.no/Event#311541-011

Mannskapsliste til rennet finn de her:

http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13915/dugnads...



Resultat frå Junior-NM i Harstad

Postet av Førde IL - Langrenn den 13. Mar 2017

Jr NM Harstad.PNG


Sju utøvarar frå Førde deltok i helga i Junior-NM på ski i Harstad. Løparane våre hadde fleire sterke resultat, som de kan sjå under. Det beste resultatet var det Vetle Uhre Hammersvik som oppnådde med ein sterk 8. plass på fredagens 15 km fristil!

Fullstendige resultatlister: https://www.skiforbundet.no/harstad/start--og-resu...

FristilKlassiskStafett (krins)
Brage Burø SundeM18653572
Vetle Uhre Hammersvik M188459
Eirik Nordeide BergM1815316097
Adrian Helgheim M19/2010710572
Andreas Bjørvik FugleM19/2014514997
Synneva Iren KvileK17271844
Inga Kårstad Skaar K18204444


Startliste SSF cup Førde 12.03.2017 kl. 12.00

Postet av Førde IL - Langrenn den 12. Mar 2017

http://live.eqtiming.no/35338?sport=2-138-277-258-...



Dugnadsliste SSF-cup sundag 12.03.2017

Postet av Førde IL - Langrenn den 11. Mar 2017

Dugnadsliste



Open kiosk 11-12.03.17

Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Mar 2017

Kiosken held ope i tida 11-16 laurdag og søndag.

Det vert skirenn på søndag.



Junior-NM i Harstad

Postet av Førde IL - Langrenn den 9. Mar 2017


I helga går Junior-NM av stabelen i Harstad. Fredag skal det konkurrerast i 7,5 km/10 km/15 km/20 km friteknikk, laurdag er det 5 km/10 km klassisk, og søndag er det stafett. Frå Førde IL langrenn er følgjande løparar meldt på:

  • Brage Burø Sunde M18
  • Vetle Uhre Hammersvik M18
  • Eirik Nordeide Berg M18
  • Adrian Helgheim M19/20
  • Andreas Bjørvik Fugle M19/20
  • Synneva Iren Kvile K17
  • Inga Kårstad Skaar K18


Vi ønskjer lukke til!

https://www.skiforbundet.no/harstad/



SSF-cup på Langeland søndag 12.mars

Postet av Førde IL - Langrenn den 9. Mar 2017

Som nokre kanskje har fått med seg via Skikrinsen er SSF-cup Tuarennet som skulle vore arrangert i Stigedalen kommande søndag flytta til Langeland. Førde IL er ny arrangør. Rennet går i friteknikk og er opna for påmelding.

Vi meiner det er viktig at ein får arrangert dei krinsrenna som er sett opp, og er sikre på at vi skal klare det, sjølv på kort varsel. Vi er likevel avhengige av litt hjelp frå foreldre. Vi har allereie fått på plass ein del nøkkelpersonell til rennet, men vi manglar folk til mellom anna løypevakter, backup på tidtaking, innsamling av startnr/brikker, måldommar, rigg av stadion osv.

Dersom du har anledning til å hjelpe til set vi stor pris på om du sender ein sms til Magne Kjetil Berg på tlf 99241911 så snart som mogleg.

På førehand takk!


https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/nyhet...



Årsmøte i Førde IL langrenn onsdag 15.3.2017

Postet av Førde IL - Langrenn den 8. Mar 2017


Onsdag 15.3.2017 kl. 18.30 er det årsmøte for Førde IL langrenn. Møtet skal vere på i FIL-huset i Hafstadparken. Alle medlemmer er velkomne.

Saksdokument finn de her:

Innbyding/sakliste

Årsmelding 2016

Rekneskap 2016 og budsjett 2017




Tusen takk til alle bedrifter som gav gåvepremiar til årets Kalsetrenn!

Postet av Førde IL - Langrenn den 8. Mar 2017

Tusen takk til alle bedrifter som støtta oss med gåvepremiar til Kalsetrennet 2017!




Karusellrenn nr. 5 - lagsmeisterskap og skimerkerenn - tysdag 7. mars

Postet av Førde IL - Langrenn den 6. Mar 2017

Karusellrenn nr. 5 er ope for påmelding. Rennet vert arrangert i morgon tysdag, og går i klassisk stil. Dette rennet er også lagsmeisterskap og skimerkerenn.

NB1: Legg merke til at dette er renn nr. 5. Renn nr. 4 er difor foreløpig utsett. Dette for å få gjennomført lagsmeisterskap på oppsett dato. Det er difor mannskapsliste for renn nr. 5 som gjeld.

NB2: Legg merke til at den kortaste distansen på dette rennet vert 2 km. Dette pga skimerkekrava.

NB3: Startkontigenten for dette rennet er høgare enn for dei foregåande renna, dette fordi den inkluderer karusellrenn, lagsmeisterskap og skimerkerenn.


Skimerkekrav:

skimerkekrav.doc

Mannskapsliste:

http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13915/dugnads...



Vinnarar av gåvepremiar på Kalsetrennet

Postet av Førde IL - Langrenn den 5. Mar 2017

Her finn de oversikt over dei heldige vinnarane av gåvepremiar på Kalsetrennet 2017. Det vil vere folk til stades både måndag og tysdag på Langeland, slik at ein kan få henta premien sin.

Tusen takk til alle verksemder som har bidrege med premiar!

Gåvepremiar 2017.pdf



Resultat frå Hovudlandsrennet 2017

Postet av Førde IL - Langrenn den 5. Mar 2017

Hovudlandsrennet gjekk på Tolga og Førdeløparane fekk følgjande resultat:


fristilsprintlangrennscrossstafett (krins)
Thristan Engebø Ullebø G15676741
Oliver Bosdal Thorsen G151701028672
Gyrid Øygard J1628707
Øystein Støfring G16237187116
Sebastian Tveit G16248236169103
https://www.skiforbundet.no/hl2017/start--og-resul...


Sterke resultat i Skandinavisk Cup

Postet av Førde IL - Langrenn den 5. Mar 2017

Gjøran og Torstein.jpg

Gjøran Tefre og Torstein Bu har i helga vore i Madona (Latvia) og gått Skandinavisk cup. Konkurransane var arrangert som ein minitour med sprint fri, 10 km klassisk og 15 km fri jaktstart. Gjøran kom samanlagt på ein sterk 5. plass og Torstein vart nr. 51.


SprintKlassiskJaktstart fri
Gjøran Tefre545
Torstein Bu156451

https://www.skiforbundet.no/sc/results/


Ein ny flott dag på Langeland!

Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Mar 2017


I sol og strålande vintervêr har om lag 100 skiløparar frå 7 år til senior gått sonerenn for Sunnfjord i dag. Rennet vart arrangert i fristil og med fellesstart for alle klassar.

Resultatliste finn de her: Resultatliste sonerenn Sunnfjord 04.03.16.pdf

Ein stor takk går til dei som stilte på dugnad på svært kort varsel, utan dykk vert det ikkje skirenn!



Open kiosk 4-5.3.17

Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Mar 2017

Kiosken er open både laurdag og søndag

Kl 11-16



Kalsetrennet for 45. gong - søndag 5. mars!

Postet av Førde IL - Langrenn den 2. Mar 2017

Det er meldt god vêr til helga, og forholda i skiløypene er bra. Vi vil difor arrangere turklassen i Kalsetrennet søndag 5. mars.

Sekretariatet i skihytta er ope frå kl 09:00 til kl. 13:00

Turklasse: utan tidtaking start frå kl. 09.00.

Påmelding: ved frammøte på Langeland.

Startkontingent: kr 60,–, familie kr 200,–.

Deltakarar betalar kontant ved frammøte.

Løypelengder: 11 eller 22 km


Alle som deltek får diplom, og det blir langtidspremiering for dei som har delteke fleire gongar.

Det blir trekning av deltakarpremiar for alle som deltar.

Kiosksal på skihytta

Smøreservice i smøreboden v/Erdal Sport


Velkommen til ein flott skidag på Langeland!



Hovudlandsrennet 2017

Postet av Førde IL - Langrenn den 2. Mar 2017

Kommande helg vert Hovudlandsrennet 2017 arrangert på Tolga. Dette er "NM" for 15- og 16-åringar. Fredag går løparane 5 og 7,5 km friteknikk, laurdag er det klassisk sprint/langrennscross og søndag stafett.

Frå Førde er følgjande utøvarar påmeldt:

  • Thristan Engebø Ullebø G 15
  • Oliver Bosdal Thorsen G 15
  • Sebastian Tveit G 16
  • Øystein Støfring G16
  • Gyrid Øygard J 16


Vi ønskjer lukke til!



Sonerenn for Sunnfjord - laurdag 4. mars på Langeland

Postet av Førde IL - Langrenn den 2. Mar 2017

Laurdag 4. mars vert det arrangert sonerenn for Sunnfjord på Langeland. Rennet startar kl. 12.00 og går i friteknikk. Det vert fellesstart for alle klassar. Rennet er opna for påmelding.

Mannskapsliste finn de her: http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/25613/mannska...

Vi beklager seing informasjon om dette rennet, både når det gjeld påmelding og mannskapsliste. Dette både pga uvisse kring skiforhold fram i tid, og fråver av nøkkelpersonell denne dagen.

Førde IL langrenn ønskjer velkommen til skirenn på Langeland!



Dugnad i løypenettet på Langeland - i dag torsdag kl. 18-20.

Postet av Førde IL - Langrenn den 2. Mar 2017

For å sikre skiforholda i lysløypenettet prøver vi å få gjort ein jobb med snømåking på utsette stadar. Vi tar denne dugnaden i samband med skitreninga i kveld, og håpar då at mange av foreldrene kan bidra!

Dette vil vere viktig for å sikre forhold til å arrangere renn kommande laurdag, og også lagsmeisterskapet i neste veke.

  • Ooppmøte kl. 18.00 ved skihytta
  • Ta med eiga snøskuffe/spade og godt humør :-)
  • Oppmodar alle som har høve til å stille - då blir jobben meir overkommeleg for alle.


Resultatliste karusellrenn nr. 3

Postet av Førde IL - Langrenn den 1. Mar 2017

Resultatliste for karusellrenn nr. 3 finn de her:

Resultat Karusellrenn 3-2017.pdf