Vask av skihytta på Langeland

Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Apr 2017


bøtte og mopp.png

Etter avslutta sesong er det både tradisjon og behov for vask av skihytta på Langeland.

Årets dugnad vert onsdag 26. april frå kl 17:30.

Arbeidet består av støvsuging, vask og anna nødvendig reinhald, og rydding av uteområdet og parkeringsplassen.

Styret i Førde IL langrenn stiller, og vi håpar at fleire har høve å bidra her – då blir jobben straks meir overkommeleg!

Etter endt dyst avsluttar vi med ein kaffikopp - vel møtt!


For dei som ikke henta premiene sine på premiefesten søndag, er det anledning til å hente dei på skihytta denne dagen (karusellrenn, skimerke og lagsmeisterskap).



Kakebakarar til premiefesten

Postet av Førde IL - Langrenn den 19. Apr 2017

boller.JPG

Det vert som vanleg ein pause med kaffi og kaker på premiefesten kommande søndag. Difor treng vi hjelp til å fylle kakebordet. Vedlagt finn de ei liste over namn som vi håpar kan bidra med dette. Det kan sjå ut som lista er lang, men erfaring frå tidlegare år har vist at skiløparar er glade i kaker :-)

Det er fritt fram om du vil ta med kake, bollar, muffins eller liknande.

Vel møtt til premie fest!

Kakebakarliste premiefest 2017.pdf



No startar orienteringssesongen!

Postet av Førde IL - Langrenn den 18. Apr 2017

Skisesongen er over for dei fleste av oss, men fortvil ikkje. Førde IL har ei aktiv orienteringsgruppe. Dei arrangerer treningsløp kvar onsdag om våren og hausten. Her er løyper tilpassa liten og stor. Flott idrett i kombinasjon med langrenn. Her er løyper for alle nivå. Orientering er ein flott familieidrett så anbefaler foreldre å vere med. Sjå link til Førde orientering: http://orientering.fordeidrettslag.no/

Første treningsløp er 19. april i Movika kl. 18.00.

https://tv.nrk.no/serie/klart-eg-kan/dksf43001116/sesong-6/episode-11



Invitasjon til premiefest

Postet av Førde IL - Langrenn den 7. Apr 2017

KM-medaljer.jpg

Tradisjonen tru vert det sjølvsagt også i år premiefest! Denne vert søndag 23. april kl. 15.30 på Scandic Sunnfjord Hotel

Program for dagen:

  • Premiering av dei som har delteke på 4 eller fleire av SSF karusellrenna

  • Premiering for lagsmeisterskap klassisk og fristil
  • Skimerke
  • Kaker og kaffi
  • Utlodding
  • Det vert trekt ut premiar for utøvarar som har delteke på samtlege 6 SSF karusellrenn
  • Det vert trekt ut permiar for dei som har vore dugnadspersonell gjennom sesongen


PS. Liste over kakebakarar blir sendt ut om kort tid.

Vel møtt!


Solid sesongavslutning av Gjøran Tefre!

Postet av Førde IL - Langrenn den 3. Apr 2017

Vi gratulerer Gjøran Tefre med ein flott sesongavslutning under Norgesmeisterskapet del 2 på Gålå. Laurdag 1. april sikra han sigeren i Norgescupen U23 etter sin knallsterke 9. plass på 50 km klassisk! Her hadde Gjøran eit godt knippe elitelandslagsløperar bak seg i mål. Torsdag 30. mars vart det som kjent også 5. plass i lagsprint i lag med klubbkamerat Torstein Bu. Flott og fortent oppslag i Firda måndag 3. april.



Resultat frå NM del 2 og norgescupavslutning for juniorar

Postet av Førde IL - Langrenn den 3. Apr 2017




Lagsprint friteknikk
5 og 10 km fri
totalt/klassevis
30 og 50 km klassiskNC finale junior skiathlon
Vetle Uhre Hammersvik M18145/1013
Gjøran Tefre M senior (U23)519/59
Ole Martin Erdal M senior161
Oddne Håvardstun Munkvold M senior (U23)291/156
Roger Øye Pollen M senior (U23)174/95
Torstein Bu M senior (U23)550/2357
Synneva Iren Kvile K17134/1418
Karoline Erdal K19/2037/7


Kiosken vert steng søndag 02.04.17

Postet av Førde IL - Langrenn den 2. Apr 2017

Det var ikkje ein einaste kunde i kiosken på lørdag. Kiosken stengde etter ca 4 timar. Det er ikkje utsikter til betre ver så kiosken vert stengd søndag og.



Siste helg med open kiosk

Postet av Førde IL - Langrenn den 1. Apr 2017

Sesongen går mot slutten. Kiosken held ope lørdag 01.04.17 og søndag 02.04.17. Den held ope i tida 11-16