Ny påmeldingsfrist for Enivest skiskule er måndag 2. oktober

Postet av Førde IL - Langrenn den 29. Sep 2017

Påmeldingsfristen for Enivest skiskule er utvida til måndag 2. oktober. Til no er det påmeldt 36 utøvarar.

Skiskulen vi vere eit godt spostsleg tilbod til utøvarane, og i tillegg skal det vere sosialt og kjekt med mellom anna felles middagar på Sunnfjord hotell. 

Meir informasjon finn de her: https://www.facebook.com/Skisk...



Jentesamling Langeland 30. september kl. 09.00

Postet av Førde IL - Langrenn den 27. Sep 2017

Hei!

Då er vi klare for jentesamling på laurdag, det blir kjekt!

Plan for øktene:

1. økt: Rulleski skøyting. Teknikk og ulike variantar av drag/stafett.

2. økt: Ulike variantar med spenst og hurtigheit, både løp og rulleski klassisk (her går det fint med skøyteski om ein ikkje har klassisk).

 

Ta gjerne kontakt om det er behov, elles snakkast vi på laurdag. Vi er der i god tid før oppmøte for løparane.


Mvh

Ingrid

Tlf. 91 80 06 11




Deltakarliste jentesamling 30. september 2017



Trenar og foreldremøte måndag 02.10 kl. 18.15 – 19.30 i Hafstadparken.

Postet av Førde IL - Langrenn den 27. Sep 2017


Førde IL langrenn ynskjer trenarar, foreldre og andre interesserte velkomne til trenar/foreldremøte i Hafstadparken måndag 02.10.2017 kl. 18.15 - 19.30.

Trening for alle grupper startar opp i veke 42. Vi ynskjer å informere litt om våre tankar rundt treningane og sesongen 2017/2018. Mesteparten av tida vil vi bruke på å koordinere og planlegge treningane

Sakliste:

  • Velkommen v/styret.
  • Diverse informasjon v/styret.

Enivest skiskule, opning av rulleskibana 15.10, utlån av rulleski, byttedag, miljøsamling Beitostølen 24-26.11.

  • Vi deler oss i grupper/planlegging av trening.


Velkommen!



Trening med Øystein Pettersen

Postet av Førde IL - Langrenn den 25. Sep 2017

Øystein «Pølsa» Pettersen kjem til Førde på torsdag 28. september. Dette er ei opplading til Enivest skiskule i oktober, og han kjem for å halde eit foredrag på Scandic Sunnfjord Hotell.

I samband med besøket vil Øystein Pettersen også halde nokre treningar for utøvarar født i 2006 og eldre. Første økt vert torsdag kl 17, og deretter eventuelt ei ny økt kl. 0900 på fredag morgon.

Treningane er GRATIS, men ein MÅ melde seg på. Sjå lenker til påmelding og informasjon. 

Ordinær trening utgår på torsdag.

Informasjon: https://www.skiforbundet.no/so...

Påmelding: https://response.questback.com...




Tilbod om sliping av ski

Postet av Førde IL - Langrenn den 5. Sep 2017

Samarbeidspartnaren vår Erdal Sport tilbyr skislip via Bjørn Myhre:

Pris: 550 kr pluss frakt (ved 5 par eller fleire på felles sending)

Skia blir sendt frå Erdal Sport tysdag 12.9. Siste frist for levering av ski er difor måndag 11.9. Alle ski skal vere reine, og bindingar må vere tatt av.



Jentesamling Langeland laurdag 30.09.17

Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Sep 2017

 

Førde IL langrenn ynskjer jenter født 2002 – 2005 velkommen til ei miljøsamling på Langeland skisenter.

Vi ynskjer å leggje vekt på både trening og trivsel.

Instruktørar vil vere Ingrid Narum og Andrea Skeide Bakke.

Førebels program:

09.00 – Oppmøte Langeland skisenter

09.15 – 11.00 – Første treningsøkt

11.30 – 12.30 – Varm lunsj i skihytta

12.30 – 14.30 – Pause/sosialt samvær og aktivitetar.

14.30 – 16.30 – Andre treningsøkt.

 

Utstyr:

  • Det du treng for å gå på rulleski (ski,skisko, stavar, hjelm og hanskar)

  • Joggesko og klede etter verforhold.

  • Skifteklede.

Manglar du rulleski, så gje beskjed i førekant. Vi har utstyr du kan få låne.

 

Samlinga vil vere gratis. Førde IL langrenn spanderer lunsj. Vi treng litt hjelp av foreldre  til å lage lunsj og rydde/vaske etter samlinga.

 

Påmelding på epost/sms innan torsdag28.09 til Monica Otternes. Gje og beskjed om du kan hjelpe til med matlaging/rydding.

 

monicaotternes©hotmail.com 

eller

Tlf/sms 91866557

 

Velkommen til ein kjekk dag!

 

Med helsing

Førde IL langrenn