Karusellrenn nr. 1 og 2

Postet av Førde IL - Langrenn den 29. Jan 2016


KARUSELLRENN NR. 2: Det er opna for påmelding til karusellrenn nr. 2 tysdag 2.2 – denne datoen er som tidlegare annonsert.

  • stilart vert fristil som tidlegare annonsert


KARUSELLRENN NR. 1: Dette rennet er utsett frå 26.1 og skal no avviklast torsdag 4.2.

  • stilart vert klassisk som tidlegare annonsert


PÅMELDING


DUGNADSLISTER

  • Dugnadslister gjeld som tidlegare sett opp for dei to renna.


Det er betre vérutsikter til kommande veke, og ein har god tru på at vi – endeleg –kan komme i gang med SSF Cup karusellrenn for 2016.

Vi må likevel ta høgde for at det igjen kan bli endringar, mht. vér og føreforhold.

Oppmodar i så måte til at de følgjer med på våre nettsider og facebook.



1 Kommentar

Kommentarer

  • Asgeir Tveit

    Dei som har betalt for karusellrenn 1-2016 men ikkje har høve til å delta på rennet torsdag kan få dette registrert som løp utan tidtaking. Det er slik at dei som har gått alle seks karusellrenna er med i trekning av hovudgevinst i samband med premiefesten i april. Dersom det ikkje er av interesse, kan dei som ikkje deltek på karuselrenn 1 torsdag, men som har betalt for dette, få melde seg på renn 2 som går tysdag med "Klubben betalar". Då må de melde dykk på før sundag kl. 23.59. Då får du gjort opp for renn 1. Passar ikkje dette heller, kan de få pengane refundert ved å sende ein epost til fordelangrenn@fordelangrenn.no, evt. be om å få bruke "Klubben betalar" ved eit av dei seinare karusellrenna.

    30 januar 2016

Logg inn for å skrive en kommentar.