Trening for 2005 og eldre

Postet av Førde IL - Langrenn den 30. Aug 2017

Det var trenarmøte 28. august, og der vart ein einige om følgjande økter fram til haustferien:

Torsdag 31.aug. kl 18.00 - Rulleski Langeland

(Førde Opp Laurdag 2. september)

Tysdag 5.sep. kl 18.00 - Intervall Soleide-Vie. Oppmøte "gamle sementen på Vie"

Torsdag 7.sep kl 18.00 - Rulleski Langeland

Tysdag 12.sep kl 18.00 - Intervall Hafstadfjellet. Oppmøte "Bunnpris"

Torsdag 14.sep kl 18.00 - Rulleski Langeland

Tysdag 19.sep kl 18.00 - Reset. Intervall langs Langelandsvatnet.

Torsdag 21.sep kl 18.00 - Rulleski Langeland

Tysdag 26.sep kl 18.00 - Intervall Soleide-Vie. Oppmøte "gamle sementen på Vie"

Torsdag 28.sep kl 18.00 - Rulleski Langeland.

Tysdag 2.okt kl 18.00 - Intervall Hafstadfjellet. Oppmøte "Bunnpris"

Torsdag 5.okt kl 18.00 - Rulleski Langeland.

"Haustferie - ny plan etter haustferien og trenermøte litt før".

Trenarmøte bestemte at aldersgrensa for desse øktene er utøvarar fødde i 2005. Utøvarar som er yngre er velkomne, men må då ha med foreldre.

Ikkje noko aldersgrense for å gå på rulleski! Bruk anlegget på Langeland og lag eigne grupper, som kan reise opp i lag. Er du nybegynner så bruker du stadion eller flata oppe i sprinten, til du vert tryggare.

Styret har fått ei gåve og vil investere i rulleski, som nybegynnerar kan få låne. (Meir info kjem frå styret når dette er klart).

Rulleskøyter er godt brukandes, billig og særs bra for å utvikle balanse og hurtigheit.  

Mange spennande aktiviteter kjem til å skje i haust, blant anna:

Samling med Gøran Tefre og Øystein Pettersen i slutten av september,

Enivest skiskule med JR-landslagstrenar Geir Endre Rogn og Gøran Tefre,

Offisiell åpning av rulleskianlegget 15.oktober med rulleski-skirenn, mm.

Meir info kjem på heimesida til klubben og på ski-krinsen etter kvart.


Helsing Eivind




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc