Informasjon om trening i haust

Postet av Førde IL - Langrenn den 6. Okt 2017

Informasjon om treningar framover hausten  - for Førde IL langrenn:

 

Treningar frå veke 42 og fram til nyttår.

Trening på torsdagar, oppstart etter haustferien, dvs. frå torsdag 19.oktober.

 

1 og 2 klasse:

Ute ved Førdehuset torsdagar kl 18-19. Oppmøte ved muren framfor symjehallen. Kristin Burø og Ann T Kusslid er koordinator. Gruppa blir truleg delt i to.

 

3 og 4 klasse:

Ute ved Førdehuset torsdagar kl 18-19.Oppmøte på kunstgrasbana ved fotballmålet nærmast Førdehuset. Ola Sølvberg og Liv Jorunn Kleiven er koordinator. Gruppa blir truleg delt i to.

 

5 og 6 klasse:

Ute ved Førdehuset torsdagar kl 18-19. Oppmøte ved speakerbua på Førde stadion.

Koordinator Øyvind Helle og Yngve Thorsen.

 

7 klasse og eldre:

Ute/inne ved Sunde skule torsdagar kl 18-20.30. Eivind Skaar og Daniel Tormodset er koordinator.

Gruppa vil bli truleg delt i to, dette vil avheng noko av oppmøtet/deltakinga.

 

Oppmoding: alle blir oppmoda om å nytte refleksvest i samband med treningane.

 

Etter nyttår vil treningane føregå på Langeland og ski, så framt forholda tillet dette.

Påmelding: påmelding skjer via påmeldingsskjema på nettsida.

Treningsavgift for sesong 2017-18 vil bli tilsendt via Min Idrett ila. oktober månad. Som dei siste åra vil det også vere mogleg å bestille årskort parkering til Langeland til klubbpris, dvs. kr 500,- (ordinær pris er kr 750,-). Dette gjeld ved bestilling innen 30.11.17.

 

 

Vel møtt til våre aktive – og til nye som ynskjer å delta på langrennstrening




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc