Open dag på Langeland laurdag 21. oktober

Postet av Førde IL - Langrenn den 11. Okt 2017


«Open dag» på Langeland, laurdag 21 oktober, kl 12-15.

Hei alle skivener. Sett av laurdag 21 oktober. Då inviterer Førde IL Langrenn til «Open dag» på Langeland.

-Kjøp/Sal/byte av skiutstyr – Finn fram utstyr som de ynskjer å selje, byte vekk.
-Enkle praktiske råd om skipreparering – Erdal Sport og Førde IL langrenn har «kurs».
-Gratis utlån av rulleski til store og små. Må ha eigne sko og stavar. Hugs hjelm.
-Aktivitetar på rulleski, med trenarar frå langrennsgruppa.
-Sparebanken Sogn og Fjordane har stand, ma med opplæring i Vipps.
-Langrennsgruppa  serverer kaffe, saft og noko å bite i. Gratis!!!

Langrennsgruppa er opptatt av gjenbruk og miljø og håpar at mange finn fram skiutstyr dei vil selje eller byte.  Ved spørsmål, kontakt Bjørn K Sunde, 47903713.

Velkommen
Førde IL Langrenn




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc