Open dag på Langeland laurdag 21. oktober

Postet av Førde IL - Langrenn den 18. Okt 2017

Open dag på Langeland, laurdag 21 oktober, kl 12-15.

Hei alle skivener. Set av laurdag 21 oktober. Då inviterer Førde IL Langrenn til Open dag på Langeland Ski og Fritidssenter.

-Kjøp/Sal/byte av skiutstyr – Finn fram utstyr som de ynskjer å selje, byte vekk.
-Enkle praktiske råd om skipreparering – Erdal Sport og Førde langrenn har «kurs».
-Gratis utlån av rulleski til store og små. Må ha eigne sko og stavar. Hugs hjelm.
-Aktivitetar på rulleski, med trenarar frå Langrennsgruppa.
-Sparebanken Sogn og Fjordane, vår hovudsponsor,  har stand, ma med opplæring i Vipps.
-Langrennsgruppa  serverer kaffe, saft og noko å bite i. Gratis!!!
-Kanskje nokre overraskingar til nokre av dei som kjem???
-Bli kjent med langrennsmiljøet. Styret i Langrennsgruppa vil vere tilstades.

Langrennsgruppa er opptatt av gjenbruk og miljø og håper at mange finn fram skiutstyr dei vil selje eller byte.  Ved spørsmål, kontakt Bjørn K Sunde, 47903713.

Velkommen
Førde IL Langrenn


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.