Det nærmar seg jul og Ribberenn!

Postet av Førde IL - Langrenn den 17. Des 2015

Jula nærmar seg, og det same gjer det tradisjonsrike Ribberennet. Dei seinare åra har Ribberennet stort sett vore arrangert 2. juledag, men årsmøtet i Førde IL langrenn vedtok 25.3.2015 å flytte rennet til 4. juledag.


.

For dei som lurer på bakgrunnen for dette refererer vi informasjon frå årsmøteprotokollen:

"Førde IL langrenn har i ei årrekkje arrangert det tradisjonsrike Ribberennet. Dei seinare åra har det som oftast vore arrangert 2. juledag, men det har også vore arrangert seinare i jula dersom dette har vore i ei helg, mellom anna i 2001 (laurdag 29.12 på Langeland), 2003 (søndag 28.12 på Langeland) og i 2007 (søndag 30.12 i Hodlekve)

Førde IL langrenn arrangerer om lag 10 skirenn i løpet av ein sesong (Ribberennet, Kalsetrennet, 6 karusellrenn og 2 renn i den fylkesdekkande SSF-cupen). I tillegg bidreg klubben med personell og utstyr til ein del andre arrangement som t.d. Førde opp og Helse Førde stafetten. Arrangementa er viktige for klubben sin økonomi og identitet, og det er såleis ønskjeleg frå styret si side å halde oppe aktiviteten på om lag same nivå som tidlegare.

Arrangementa inneber relativt høg dugnadsbelastning for klubben sine medlemmer, og erfaringar frå den seinare tid tilseier at styret vurderer det som rett å ta grep som kan redusere denne. I eit slikt perspektiv vurderer styret at det er viktigare at Ribberennet vert arrangert enn at det må vere på ein spesiell dag.

2. juledag er ein dag mange ønskjer å unngå å måtte jobbe dugnad. For ein del av personellet inneber førebuinga til rennet arbeid som grip inn i fleire dagar av julefeiringa.(*) Flytting av renndag til seinare i romjula vil gjere det lettare å skaffe personell til dugnad og redusere belastninga for dei som deltek. Med omsyn til seinare års deltaking, er det også grunn til å tru at rennet kan få minste like høg deltaking dersom det vert arrangert seinare i jula.

Styret har vurdert at 4. juledag er ein eigna dag for å etablere ein ny og framleis positiv tradisjon for rennet. Styret har vidare vurdert at det vil vere ein fordel å forsøke å halde fast på å arrangere rennet på ein fast dato. Styret ser då for seg at rennet kan arrangerast ettermiddag/kveld dei åra 4. juledag/28. desember ikkje fell på laurdag eller søndag.

Styret sitt framlegg til vedtak: Ribberennet vert frå og med 2015 flytta frå 2. juledag til 4. juledag (28.desember)

Samrøystes vedtak: Ribberennet vert frå og med 2015 flytta frå 2. juledag til 4. juledag (28.desember)

(*) Avvikling av Ribberennet 2. juledag inneber at delar av personellet til Førde IL Langrenn m.a. må jobbe dugnad 1. juledag."


Tilleggsinformasjon om årets Ribberenn, pr 17.12.2015:

Førde IL langrenn planlegg ut i frå at Ribberennet 2015 skal avviklast som ordinært på Langeland 28.12.2015.

Verutsikter pr dato – med mykje nedbør og for årstida høge temperaturar gjer det desverre usikkert om det er mogleg å arrangere skirenn på Langeland. Her vil det måtte bli ei fortløpande vurdering mht. snø/løype forhold. I så måte vil også endring av stilart vere ei vurdering.

Reservearrena for Ribberennet er Hodlekve i Sogndal.

Skal arrangementet avviklast der må det vere med Førde IL langrenn som teknisk arrangør, dvs. at heile arrangementet med tilhøyrande arrangørstab må flyttast.

I så fall kan det vere aktuelt å endre dato for arrangemente til 27.12.15, endring av stilart vil også her vere ei vurdering.

  • Arrangementstad, dato og stilart er såleis ikkje avklara pr i dag.
  • Ein vil i løpet av 22.12.15 måtte ta ei endeleg vurdering frå arrangøren si side.






Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc