Mannskapslister SSF-cup og KM

Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Jan 2016

Etter planen skulle vi no ha godt med snø og vere klare til karusellrenn i morgon. Slik vart det dessverre ikkje. Med snøproduksjon og medgjerlege vergudar håpar vi likevel på at vi snart skal ha skiføre på Langeland.

Mannskapslister for SSF-cup 1 og 2 finn de no her: http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13915/dugnads...

Mannskapslister for dei resterande renna vert lagt ut etterkvart.

Dei som er oppsett på renn nr. 1 har fått melding om at denne datoen vert endra. Vi prøver å halde på oppsette datoar, og dersom det vert renn neste tysdag så er det mannskapslista for RENN 2 som gjeld.

Førde IL langrenn skal også arrangere KM i år. Dette skjer 15.-17. januar. Mannskapsliste til desse tre renna finn de her: http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/18349/mannska...

Som de ser skal det arrangerast mange renn på Langeland i år, og mange folk må i sving for at vi skal greie dette. I løpet av KM-helga vil minst 100 personar vere i sving totalt. Renna er viktige for å gje langrennsløparar i Førde og resten av fylket eit godt tilbod, og dei er også viktige for økonomien til klubben. Vi ber difor om forståing for at alle som har ungar på skitrening må ta eit tak for at dette skal gå rundt.

Dersom du er sett opp på dugnad ein dag som absolutt ikkje passar, ber vi om at du byter med nokon på dei andre listene og gjev beskjed til rennleiar om kven som kjem. Telefonnummer finn de på listene.

Ta også ein kikk på gjeremålslita som de finn her: http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13916/gjerema... I denne finn de informasjon om dei ulike arbeidsoppgåvene under eit renn.

Håpar snøen kjem og at vi snart kan sjåast til skirenn på Langeland!




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.