Trenarkurs på Sognefjellet

Postet av Førde IL - Langrenn den 6. Mai 2016

Engasjerte og dyktige trenarar er viktige for at utøvarane i Førde IL langrenn skal trivast og bli gode på ski. Vi ønskjer difor å legge til rette for foreldre elller andre som ønskjer å ta trenarkurs. Klubben dekker heile kursavgifta, mot at ein bidreg på treningane frå hausten av.

I perioden 17. til 23. juni arrangerer Sogn og Fjordane Skikrins / Norges skiforbund Trenar I og Trenar II kurs på Sognefjellet.

  • 21.-23. juni: Trenar I kurset er "grunnkurset" til Norges skiforbund og rettar seg mot dei som trenar born opp til 12-13 år.Eit trenar I kurs er ein flott anledning til å lære meir om langrenn og trening av barn. Det er ikkje krav til forkunnskapar.
  • 17.-21. juni: Trenar II kurset rettar seg mot trenarar til ungdommar på 13/14 til 16 år.

Vi håpar nokon av foreldra som har aktive ungar ser nytte av, og har lyst til å ta eit slikt kurs. De må ikkje verte skremt av at vi ovanfor her skriv at ein må bidra på treningane. Vi kjem ikkje til å kreve at nokon som ikkje vil det skal stå som "ansvarleg trenar", men vi ønskjer at de kan vere med å bidra til at dine og andre sine ungar har det kjekt, og får utbytte av treninga.

Påmeldingsfrist er 1. juni.

Meir om kursa og påmelding finn de her: http://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/nyhets...

Samtidig med trenarkurset er det også Sommarskiskule for utøvarar mellom 11 og 17 år, så her er det anledning for at dei unge lovande kan ha det kjekt på skiskule medan foreldra tek trenarkurs.

Meir om sommarskiskulen finn de her: http://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/sognef...

Ta gjerne kontakt med nokon i styret, eller Skikrinsen dersom du har spørsmål.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc