Ein pioner for o-idretten er borte

Postet av Egil Nestande den 1. Jun 2016

Grunde Selås døydde 29. mai, vel 87 år gammal.

Grunde var ein av initiativtakarane for å starte orientering i Førde. I 1960 deltok han både som forelesar på det første «grunnkurs» i bruk av kart og kompass, og som organisator for det første orienteringsløpet i Førde. Seinare gjorde Grunde gjennom mange år ein omfattande innsats for O-idretten både i Førde og i heile fylket. Han var i åra 1983-1984 leiar for orienteringsgruppa i Førde, og var elles i mange år ein viktig ressursperson i samband med våre arrangement. Dei seinare åra utførte Grunde eit viktig arbeid med å samle stoff og skrive «Idrettssoga i Sogn og Fjordane». Ein del av dette verket gjeld soga om Sogn og Fjordane Orienterinskrins, som vart utgitt som eige hefte i samband med krinsens 50-årsjubileum i 2014. I dette hefte inngår også eit historisk samandrag av orienteringsaktiviteten til Førde IL. For sin lange og trufaste innsats for O-idretten og laget vart Grunde i 2015 heidra som æresmedlem i Førde IL Orientering.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.