Årets langrennsklubb 2016 - Førde IL langrenn!

Postet av Førde IL - Langrenn den 1. Jul 2016


Norges Skiforbund/Langrennskomiteen har kåra Førde IL langrenn til årets langrennsklubb. Denne kåringa er ei anerkjenning av det arbeidet, aktiviteten, resultat og kompetanse, som alle involverte har bidrege med gjennom mange år - både sportsleg og administrativt.

Den vurderinga som er gjort av Norges Skiforbund/Langrennskomiteen er mellom anna basert på antal aktive utøvarar innanfor ulike aldersgrupper, antal aktive trenarar, registrert deltaking på klubbrenn, registrerte arrangement og ulike planar på administrativt nivå.

Målet til Førde IL langrenn har alltid vore å skape eit godt og inkluderande langrennsmiljø, som legg til rette for breiddeaktivitet. Over tid har dette resultert i auka rekruttering, og også utvikling av lovande utøvarar, både på junior- og seniornivå. Meir om måla våre kan de lese i Sportsplanen til klubben http://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13975/sportsp....

Førde IL langrenn er 100 % basert på dugnad, og ein er såleis heilt avhengig av at frivillige stiller opp for å få avvikla trening, samlingar, renn og anna aktivitet. Ei spesiell takk rettast til trenarane med Eivind Skaar i spissen, som stiller opp for born og unge, år etter år - uansett ver og føre. Elles har alle de som stiller på dugnad som alt i frå løypevakt og tidtakar, til kioskdrift og parkeringsvakt ein del av æra for at vi som klubb oppnår ei slik utmerking.

Styret i Førde IL langrenn håpar at denne utmerkinga kan skape ny motivasjon og inspirasjon til alle aktive, og alle de andre som bidreg, i og rundt Førde IL langrenn. Dette kan vi alle saman vere stolte av!

Gratulerer!








Kommentarer

1 Kommentar

  • Egil Nestande

    Årets langrennsklubb 2016 - sterkt! Gratulerer til Førde IL langrenn!

    05 juli 2016

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc