Velkommen på SKItrening i morgon!

Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Jan 2017

Det er flotte forhold på Langeland og vi startar opp med trening for alle grupper der i morgon.

1.- og 2. klasse trenar kl 18.00-19.00. I morgon blir treninga i friteknikk. Denne gruppa vil halde til på og rundt stadion. Det er kjekt om nokre foreldre har på ski og kan vere med og hjelpe til. Trenarane gler seg til å leike og trene på ski!

3. og 4. klasse trenar kl 18.00-19.00, og treninga vert i friteknikk

5. og 6. klasse trenar kl. 18.30-19.30, og desse skal gå friteknikk

7. klasse og eldre trenar kl. 18.30-20.00 og desse skal gå klassisk

For dei som skal gå klassisk bør det vere enkelt å smøre med blå Swix eller liknande dersom ikkje føret endrar seg frå i dag.

Vel møtt på trening!




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc