Spennende helg med mange gode prestasjoner og fleire pallplasser

Postet av Førde IL - Langrenn den 5. Mar 2024

I helgen hadde Førde Langrenn 7 utøvere (G/J 15 og 16 år) med på Hovedlandsrennet på Gålå, og to seniorutøvere på ScanCup i Trøndelag. Her er det snakk om ei super helg med historisk gode prestasjoner.

                                            Othilie med ei sterk 10. plass fredagen!

På hovudlandsrennet deltok følgjande frå Førde Langrenn:

- Ida Frøysland, J15
- Even Bjørkhaug, G15
- David Husa, G15
- Andreas O. Lundekvam, G15
- Othilie B. Thorsen, J16
- Amanda Rørvik, J16
- David Engesæter, G16

På Scancup i Hommelvik stilte både Gjøran tefre og Ivar Nistad til start for Førde. Gjøran fekk ein solid 2. plass søndag på 10 km Friteknikk. I denne artikkelen omtalar vi primært Hovedlandsrennet på Gålå.


                     Ida Frøysland på veg ut frå stadionområdet fredag


Fredag vart det arrangert distanserenn i fri teknikk. Othilie B. Thorsen slo her til med en 10. plass som beste notering frå Førde. Ida Frøysland (nr 30) og David Husa (nr 36) syner også solide prestasjoner. Jevnt over bra innsats med alle utøvere i øvre resultathalvdel. 


               Amanda Rørvik på veg ut frå start


Laurdag vart det arrangert sprint prolog, men kvalifisering av dei 30 beste til kvartfinale heat. Heile 4 utøvere kvalifiserte seg frå prolog (Andreas, David, David og Othilie). David Engesæter gjekk også videre til semifinale, men vart uheldig under sporveksling og fekk ikkje kvalifisering til finale.


                 3 av gutta gjekk videre til kvartfinale under sprintrennet


Laurdag varet det også arrangert langrennscross etter at sprint finaleheat vart ferdigstilt. Spennede løype med mykje artige elementer. Gode prestasjoner frå Førde, med heile 4 utøvere blant topp 25 (Othilie, David, Andreas og David). Othilie slo til med sølvmedalje!!! Dette er historisk i Førde IL samanheng!!


                 Even gjer jernet under langrennscross!


Søndag stilte S&Fj med 3 stafettlag. Dessverre vart ikkje det tredje laget fulltallig, og får dermed ikkje plassering. Jentelaget med Othilie (1), Ida (2), Olina Heggdal (3) og Amanda (4) gjekk inn til ein solid 17. plass av 76 lag. Gutelaget med David E (1), David H (2), Even (3) og Vebjørn Mundal (4) fekk ein super 24 plass av 105 lag.

                           Nøgde stafettgutar


Om nokon skulle vere i tvil, så må det seiast at smøreteamet frå Sogn & Fjordane gjorde ei serdeles fløott jobb. Det å vere ein del av smøreteamet vil seie jobb frå tidleg morgon til seint på kveld dei fleste dagane. Hovudlandsrennet har vore strengt regulert sei siste to åra med kor mange smørere krinsen får stille med, og kva produkter som skal nyttast. Det er et sterkt fokus på at utøverene skal stille på like premisser, og alle skal nytte dei same glidprodukta. Festesmøring kan justerast individuelt ut frå eit gitt produktsortiment. Kompetanse er likevel gull verdt, og der har vi flinke folk!


             Blide smørere med klister i håret!





Innbyding Karusellrenn 5 - Langrennscross, tysdag 12. mars

Postet av Førde IL - Langrenn den 5. Mar 2024

Førde IL Langrenn og Gaular Langrenn inviterar til karusellrenn nummer 5 i fri teknikk tysdag 12. mars 2024. På dette rennet skal alle til og med 16 års klassane, gå langrennscross. Junior og senior/veteran klassar kan velje langrennscross eller ordinære distanser.



Langrennscross: Så langt snøforholda tillet det vil vi lage ei løype som har ulike element som svingar, hopp, orgeltramp, baklengsport m.m.. Løpet vert gjennomført som individuell start (ikkje heat). Det vert lagt ut løypekart på nettsidane til Førde og Gaular i forkant, samt publisert på stadion skjerm.


Open klasse utan tid: Alle kan velje denne klassen. Valfri starttid og valfri distanse.


Sjå ellers informasjon om mannskapsliste og innbyding i vedlagte filer:


Innbyding karusellrenn 5 Langrennscross - 120324.pdf

mannskapsliste karusellrenn 5.pdf

Løypekart Langrennscross:




Innbyding til SSF Sonerenn - Langrennscross

Postet av Førde IL - Langrenn den 5. Mar 2024

Førde IL Langrenn og Gaular Langrenn inviterar til SSF Sonerenn i fri teknikk med langrennscross søndag 10. mars. Bli med på eit spennende og fartsfylt skirenn for barn i alle aldre!



Langrennscross: Så langt snøforholda tillet det vil vi lage ei løype som har ulike element som svingar, hopp, orgeltramp, baklengsport m.m.. Løpet vert gjennomført som individuell start (ikkje heat). Det vert lagt ut løypekart på nettsidane til Førde og Gaular i forkant, samt publisert på stadion skjerm. 

Arrangementet vert gjennomført som intervallstart, men høve for å gå fleire runder om ein ønskjer.


For praktisk gjennomføring og mannskapslister, sjå informasjon i vedlagte filer.


Innbyding Sonerenn Langrennscross - 100324.pdf

Dugnadsliste SSF sonerenn 10 mars .pdf



Årsmøte Førde IL Langrenn 2024

Postet av Førde IL - Langrenn den 22. Feb 2024

INNKALLING TIL ÅRSMØTE FØRDE IL LANGRENNSGRUPPA

Styret ønskjer alle hjarteleg velkommen til årsmøte i langrennsgruppa! Håper så mange som mogleg har høve til å stille. 

STAD: Langeland Skisenter (nye arenabygget)

TIDSPUNKT: Onsdag 13. mars 2024, kl. 18-20.30

FRIST FOR INNMELDING AV SAKER:
Saker som eit medlem ynskjer skal handsamst i samband med årsmøtet, sendast styret seinast måndag 4. mars 2024, til bjorkhauganders@gmail.com

Sjå vedlagt saksliste:

Innkalling årsmøte 2024.pdf

Oppdatert innkalling med årsmelding, resultatrapport økonomi og forslag til budsjett 2024:

Årsmelding 2023-2024.pdf

Resultatrapport 2023 førde IL langrenn.pdf

Resultatbudsjett-Budsjett+2024.xlsx



NorgesCup helg og HL skiskyting

Postet av Førde IL - Langrenn den 19. Feb 2024

I helga har det vore store arrangement i ulike deler av landet. I Granåsen, Trondheim vart det arrangert NM sprint og NC distanse for juniorar i langrenn. På Lillehammer vart det skutt og kjempa om gjeve plasser under HL skiskyting for G/J 15 & 16 år. 


NC Granåsen: Fredag vart det arrangert NM sprint klassisk stil. Førde Langrenn hadde 13 utøvere påmelde til start på det meste. Samla sett hadde krinsen 19 utøvere til start. Jenny og Aurora kvalifiserte seg til kvartfinaler, men gjekk dessverre ikke videre herfra. 



Været i Trondheim/Granåsen er prega av vestlandsveir. Dette fekk vi erfare laurdag, med null grader og tette snøbyger. Skikrinsens smørarar gjorde ei framifrå jobb, med solide ski for distanse klassiskrenn. 




Søndag vart det arrangert distanserenn med fellesstart for M og K 17-18, og individuell start for eldre junior. Med blå himmel og10 minus, vart det god glid og helg fast i sporet. Mange av utøverne har markert seg med nokre av dei beste resultata dei har hatt i karrieren. Og nokre av oss er nyleg tilbake etter lang tids skadeavbrekk, og har første store konkurranse på lang tid. Vi bør nemne: 

  • 8 topp 50 plasseringar, med 17. plass (Aksel), 25.plass (Niklas) og 34. plass (Jenny) som dei beste. 
  • 5 utøvere tok NC poeng, der Jenny tok poeng alle dagane
  • Ludvig, Thomas og Rebekka var rimeleg nær NC poeng, og vi hadde vel totalt 25 plasseringar blant topp 100 i alle klassene. 



Hovedlandsrennet Skiskyting Lillehammer 2024: Ida Frøysland, J15, frå Førde Langrenn var med i HL skiskyting i helga,. Det vart gjennomført langrennscross (4km) med strafferunder fredag, distanserenn (6km) med tidstillegg for bom laurdag og stafett (krinslag) søndag, der Ida hadde første etappe. 


Etter litt bom på skytinga fredag, satt alt laurdagen, der Ida fekk ein solid 4. plass av over 50 løparar i klassen. Ei solid prestasjon! Skiskytarjentene frå S/Fj fekk ei 5te plass på stafetten med til saman 3 strafferundar på laget. Ida går fort i sporet, og skal også være med på HL langrenn på Gåløå om 2 veker. Vi gler oss til å følgje med!!