Skikarusell SkiCross Langeland 10.02.2019 - Gaular IL

Postet av Førde IL - Langrenn den 30. Jan 2019

Gaular IL arrangerer skikarusell SkiCross på Langeland 10.02.2019 kl. 12.00. Førde IL hjelper til med enkelte funksjonar. Rennet er opna for påmelding. Meld på via følgjande lenkjer:

 

Påmelding SkiCross



Stafettlag NM Meråker

Postet av Førde IL - Langrenn den 28. Jan 2019

Førde IL stiller med følgjande lag på NM-stafetten i Meråker 03.02.2019:

Kvinner

1. etappe Inga Kårstad Skaar - klassisk

2. etappe Ane Brekke - klassisk

3. etappe Gyrid Øygard - fristil


Herrar

1. etappe Gjøran Tefre - klassisk

2. etappe Sindre Hoff - klassisk

3. etappe Torstein Bu - fristil


Vi ynskjer lukke til!





 




Velkommen til KM på Langeland!

Postet av Førde IL - Langrenn den 25. Jan 2019

Førde IL langrenn ønskjer alle velkommen til KM-helg på Langeland. Det er gode skiforhold og vi gler oss til besøk av aktive og foreldre frå heile fylket!

Startlister og resultatlister vil bli lagt ut her på nettsida.

Løypekart finn de her:

Fredag og søndag: løypekart-km.25.27.1.pdf

Laurdag: Løypekart.sprint-19.pdf



NRK på Langeland i kveld

Postet av Førde IL - Langrenn den 22. Jan 2019

På treninga i kveld på Langeland vil NRK Sogn og Fjordane stille med eit team og ønskjer å filme deler av aktiviteten på stadion.

NRK skal nytte opptaka til illustrasjon av ei sak som NRK Sogn og Fjordane arbeidar med. Det er også mogleg at det blir stilt spørsmål til utøvarar som er tilstades (dette må i tilfelle kvar enkelt samtykke til).  

Vinklinga vil vere dei fine snøforholda, skiglede osv.



Resultat frå Norgescup på Nes

Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Jan 2019

I helga har Gjøran Tefre og Torstein Bu gått Norgescup på Nes.

På sprintrennet fredag vart Gjøran nr. 3 og Torstein nr. 18. Torstein gjekk også 10 km på laurdag og vart då nr. 52.

Fullstendig resultatliste finn du her: 

https://www.skiforbundet.no/nes/resultater/




Det er KM til helga!

Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Jan 2019

Kommande helg er det klart for KM på Langeland frå fredag til søndag. Vi vil berre få minne alle på å sjekke om de er sett opp på dugnadslistene desse dagane. Listene finn du her https://langrenn.fordeidrettslag.no/p/18349/mannskapsliste

De er alle veldig viktige for at vi skal klare å få gjennomført eit godt arrangement!




Karusellrenn nr. 2 tysdag 15. januar

Postet av Førde IL - Langrenn den 15. Jan 2019

I dag er det klart for karusellrenn nr 2. Rennet går i friteknikk. Sidan vi no har fått snø 😀 vil rennet gå i det vanlege løypenettet og med 15 sekund startintervall. 

Vel møtt til skirenn!



Gjøran Tefre til kvartfinale i WC

Postet av Førde IL - Langrenn den 14. Jan 2019

Gjøran var på laurdag igjen å sjå på startstreken i ein verdscupsprint. Denne gong i tyske Dresden. Gjøran fekk 8. beste tid i prologen, og vart nr. 3 i sitt kvartfinaleheat. Dette heldt dessverre akkurat ikkje til å komme vidare til semifinalen. Samanlagt hamna Gjøran på ein 14. plass. Dette er ein svært sterk prestasjon i eit verdscuprenn!



Norgescup junior på Konnerud

Postet av Førde IL - Langrenn den 14. Jan 2019

I helga har det vore arrangert norgescup for juniorar på Konnerud. Førde IL langrenn hadde åtte løparar på startstreken, og det vart mange gode resultat. Foto viser Synneva Iren Kvile (2017) som var ein av løparane som gjekk på Konnerud.

Namn
Klasse
5/10 km fri
Sprint klassisk
7,5/10/15/20 km Klassisk
Thristan Engebø Ullebø
M17
34
56
40
Oliver Bosdal Thorsen
M17
88
115
114
Gyrid Øygard
K18
40
82
61
Sebastian Tveit
M18
177
159
171
Ane Brekke
K19/20
56

70
Synneva Iren Kvile
K19/20
66

58
Brage Burø Sunde
M19/20
75

98
Eirik Nordeide Berg
M19/20

187
207

https://www.langrenn.com/norgescup-junior-konnerud-2019-alle-resultater.6179908-397220.html



Karusellrenn tysdag 8. januar

Postet av Førde IL - Langrenn den 7. Jan 2019

Etter litt fram og tilbake er det no klart at det blir arrangert karusellrenn i morgon 8. januar! Rennet går som planlagt i klassisk stil, og det vert arrangert i sprintløypa. For løypekart og løypelengde sjå tidlegare innlegg her på heimesida: https://langrenn.fordeidrettslag.no/blog/post/136208/ssf-cup-8.-januar-i-sprintloypa?ispage=true



Skandinavisk cup i Finland

Postet av Førde IL - Langrenn den 7. Jan 2019

I helga har Gjøran Tefre gått Skandinavisk cup i Vuokatti i Finland. Fredag vart Gjøran nr. 4 i sprintfinalen, og søndag gjekk han inn til ein 11. plass på 30 km fri fellesstart.

 



Angåande karusellrenn 8. januar

Postet av Førde IL - Langrenn den 6. Jan 2019

Mildveret tærer på snøen, men vi håpar det skal vere mogleg å arrangere karusellrenn tysdag. Endeleg avgjerd vert teken i morgon kveld. Ver obs på at stilart kan verte endra frå klassisk til skøyting dersom forholda tilseier det.



SSF-cup 8. januar i sprintløypa

Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Jan 2019

Det er per i dag greie forhold i sprintløypa på Langeland, og vi satsar på at karusellrennet kommande tysdag kan arrangerast. Rennet går i klassisk stil og første start vert kl. 18.30. Det vil straks bli opna for påmelding.

Vi tek atterhald om at rennet kan verte avlyst på kort varsel.


LØYPEKART FOR LANGELAND SKISTADION, NY OG GAMMAL SPRINTLØYPE:

Samla løypelengde: 2 km.

1 km: rett fram mot hestesko i «gammal» sprintløype.

Denne traseen vil bli nytta for klassane 10 år og yngre.

2 km: ta til høgre mot ny sprintløype, deretter til høgre mot hestesko i «gammal» sprintløype.

Denne traseen vil bli nytta for klassane 11 år og eldre.

 

Praktisk  - tilleggsinformasjon ift. løypekart og oversikt for klasser:

10 år og yngre J/G                                           1 runde i gammal sprintløype

11 og 12 år                                                        1 runde i ny og gammal sprintløype

13 og 14 år                                                        2 runder i ny og gammal sprintløype

15 og 16 år*                                                      3 runder i ny og gammal sprintløype

J17 og eldre                                                      3 runder i ny og gammal sprintløype

G17 og eldre                                                     5 runder i ny og gammal sprintløype   


VEL MØTT TIL SKIRENN!  



Stafettlag Ullsheim 06.01.19

Postet av Førde IL - Langrenn den 3. Jan 2019



Levert av IdrettenOnline