Rabattert brukarbetaling på Langeland.

Postet av Førde IL - Langrenn den 16. Okt 2019

Brukarbetaling på Langeland vert mellom anna nytta til løypekøyring og anna vedlikehald av anlegget. Prisane for sesongen 2019/2020 er som følgjer:

  • Årskort 800,-
  • Dagskort 75,-
  • Årskort for aktive medlemmer i Førde IL langrenn 500,-

Den rabatterte prisen for våre medlemmer føreset at ein betalar treningsavgift og årskort innan 30.11.2019. For å få tilsendt faktura for brukarbetaling og trening må de melde på til trening via denne lenka https://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13979/trening. Dette kan de gjere allereie no!  

Sidan Langeland Ski og Fritidssenter no er eit heilårsanlegg, med rulleskiløype, er det innført brukarbetaling heile året.

Satsane for treningsavgift 2019/2020 finn de her https://langrenn.fordeidrettslag.no/p/15017/medlemskap




Open dag på Langeland 13. Oktober kl.12-16.

Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Okt 2019

Hei alle skivenner - sett av søndag 13. oktober!

Då inviterer Førde IL Langrenn til Open dag på Langeland Ski og Fritidssenter fra kl 12-16.

*  Kjøp/sal/byte av skiutstyr – finn fram utstyr som de ynskjer å selje, eller byte vekk.
* Utlån av rulleski til store og små. (må ha med eigne sko og stavar - hugs hjelm)!
* Aktivitetar på rulleski, med trenarar frå Langrennsgruppa.
 *  Bli kjent med langrennsmiljøet - styret i langrennsgruppa vil vere tilstades.

*  Enkel servering!

Det vil og vere rulleskirenn på Langeland søndag fra kl 13.00.

Førde IL langrenn er opptatt av gjenbruk og miljø og håper at mange finn fram skiutstyr en vil selje eller byte.  Ved spørsmål, kontakt Ørjan Igelkjøn, 91191092.

Skiutstyr som ein vil selje må vere merka med pris og anna relevant informasjon, samt kontakt informasjon mht. navn og tlf. nr.

Vel møtt😊

Førde IL Langrenn




Klubbkveld på Intersport onsdag 23. oktober

Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Okt 2019

Onsdag 23. oktober kl 17.00-19.00 vert det klubbkveld på Erdal Sport (intersport). Det vil vere mange gode tilbod på skiutstyr for våre medlemmer.

Vel møtt!



Sliping av langrennski.

Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Okt 2019

Sliping av langrennsski

Vår samarbeidspartner Intersport Erdal Sport foretar felles innsending av ski til sliping – til Bjørn Myhre Sport.

  • Skia må leverast inn til Erdal Sport innan onsdag 16.10.19.
  • Skia skal leverast med rein såle, og utan binding.
  • Merk skiparet med kva skislip/struktur en ynskjer. (i tillegg til navn og telefon nr.)

Pris kr 600,- pr par.  (frakt kjem i tillegg)

Pris på frakt vil være avhengig av kor mange par en sender. Det blir gjort felles forsendelse, dess fleire par, dess gunstigare pris blir det for frakt pr par.



Treningsplan for 7.klasse og eldre høsten 2019

Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Okt 2019



Dugnadsliste til Rulleskirennet 13/10-19

Postet av Førde IL - Langrenn den 3. Okt 2019