Årsmøte 2019

Postet av Førde IL - Langrenn den 22. Feb 2019

Årsmøte for 2019 vert onsdag 6. mars kl. 18.30 på FIL-huset i Hafstadparken. Saker de ønskjer å ta opp må sendast til styret innan 27. februar.

Vel møtt!



Kalsetrennet er utsett

Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Feb 2019

Etter planen skulle vi arrangere Kalsetrennet søndag 24. februar. På grunn av det vedvarande mildveret og rådande snøforhold er det beslutta at rennet vert utsett på ubestemt tid. 

Aktuelle nye renndatoar er søndagane 10., 17. eller 24. mars.

Ny renndato vil bli varsla så fort forholda tilseier at det er praktisk mogleg å gjennomføre rennet. Den viktigaste føresetnaden for dette er eit snøfall!



Resultat frå Ungdommens Holmenkollrenn

Postet av Førde IL - Langrenn den 19. Feb 2019

I helga var 10 13- og 14-åringar frå Førde IL langrenn på plass i løypene i Holmenkollen. Dei melder om ei kjekk helg i lag, mykje god innsats og gode plasseringar i løypa. Bilder frå helga kan de sjå i eige album her på nettsida.


Resultat:

 


Klasse3 km klassisk3 km fri
Niklas Bosdal ThorsenG134934
Ludvig RørvikG 13142162
Guri Line BrekkeJ147462
Jenny SølvbergJ14
102121
Johanne StøfringJ14
122100
Ida Kristin NondalJ14
133112
Sigve Hafstad OttesenG146549
Magnus Furnes DegnepollG14
9870
Aksel BjørkhaugG14
9874
Kasper HolmeG14
148132

https://www.langrenn.com/resultater-ungdommens-holmenkollrenn-2019.6191529-114053.html



2. plass til Gjøran i Norgescup

Postet av Førde IL - Langrenn den 18. Feb 2019

I helga har Roger og Gjøran gått Norgescup i Hommelvika. Gjøran tok her ein 2. plass på 10 km fri!

Resten av resultata ser de under.



Sprint klassisk10 km fri15 km klassisk
Roger Øye Pollen
7095
Gjøran Holstad Tefre282


http://www.liveresultater.no/livesider/livesenter.php?arr=700 



BAMA Ungdommens Holmenkollrenn 2019

Postet av Førde IL - Langrenn den 15. Feb 2019

Denne helga er det klart for sesongens høgdepunkt for 13 og 14 år gamle langrennsløparar. BAMA Ungdommens Holmennkollrenn vert arrangert i nasjonalanlegget, og er det største arrangementet for desse årsklassane. Løparane skal gå 3 km klassisk på laurdag, og 3 km fri på søndag. Førde IL langrenn pleier å vere godt representert, og også i år stiller ein god gjeng.

  • Aksel Bjørkhaug
  • Guri Line Brekke
  • Magnus Furnes Degnepoll
  • Kasper Holme
  • Ida Kristin Nondal
  • Sigve Hafstad Ottesen
  • Ludvig Rørvik
  • Johanne Støfring
  • Jenny Sølvberg
  • Niklas Bosdal Thorsen


Vi håpar de får ei kjekk helg i hovudstaden, og lukke til i skiløypa!

(foto viser g13 frå i fjor)



Norgescup Hommelvika

Postet av Førde IL - Langrenn den 15. Feb 2019

I helga er det Norgescup for seniorar i Hommelvika. Frå Førde IL langrenn er Gjøran Tefre og Roger Øye Pollen påmeldt.

Program er som følgjer:

  • Fredag 15.2. - Sprint klassisk
  • Laurdag 16.2 - 5/10 km fri
  • Søndag 17.2 - 10/15 km klassisk


Vi ønskjer lukke til!



Oppdatert dugnadsliste for SkiCross 10/2

Postet av Førde IL - Langrenn den 8. Feb 2019

Her er oppdatert dugnadsliste for Sonerennet/SkiCross søndag 10/2:

sonerenn - skicross 2019.pdf



Resultat frå NM

Postet av Førde IL - Langrenn den 3. Feb 2019

I helga har det vore arrangert NM i Meråker, og det var sjølvsagt Førdeløparar på startstreken.

Fredag deltok både Gjøran Tefre og Torstein Bu på sprinten. Begge gjekk vidare frå prologen som  høvesvis nr. 3 og nr. 18. Dei gjekk i same kvartfinaleheat, der Gjøran klarte å ta seg vidare til semifinalen. Til slutt vart Gjøran nr. 7 og Torstein nr. 22.

Laurdag gjekk Torstein inn til ein god 36. plass på skiathlon.

Søndag stilte Førde IL langrenn stafettlag, der Gjøran og Torstein gjekk saman med Sindre Hoff.  Laget tok ein knallsterk 13. plass! Det gir flott startpososjon til neste år. 

Resultatlister finn de her: https://www.langrenn.com/nm-meraaker-2019-alle-resultater.6185860-1743.html

Bilete viser Gjøran ved eit tidlegare renn.