Resultater for Førde Langrenn Strava påskerenn 2020

Postet av Førde IL - Langrenn den 15. Apr 2020


Vi har registrert totalt 23 (trolige) deltakere på 4 ulike segmenter under Førde Langrenns Strava påskerenn. Noen av deltakerne har gått segmentene flere ganger, og noen har gått alle segmentene. For enkelhets skyld har vi her registrert beste tid for utøvere som har gått samme segment flere ganger. Idealtid er beregnet ut fra gjennomsnittstiden på gitte Stravasegment. Vi har fått tilbakemeldinger på at noen utøvere ikke har fått registrert tider på Stravasegmenter, og dette må vi bare beklage, men det er vel slik at GPS ikke alltid er helt pålitelig. 

Vi gratulerer Elias Husa med 3 av 4 seire (3K, 2K og Stravasprint), og Brage Burø Sunde med en knepen seier på 5K foran Roger Pollen.

Idealtider tildeles:
5K - Jakob Husa
3K - Aksel Bjørkhaug
2K - Monica Otternes
Stravasprint - Anders Bjørkhaug

Vel gjennomført løp og vel overstått påske!!

Resultatliste Strava påskerenn.pdf


0 Kommentar

Bli med på Strava Påskerenn

Postet av Førde IL - Langrenn den 7. Apr 2020


FIL Langrenn inviterar sine medlemmar til Strava Påskerenn 2020 på Langeland.


Det er lenge sidan førre konkurranse, og mange av våre utøvarar har kanskje eit lite håp om å delta i ei god påsketevling.


Det er laga 4 Stravasegment på Langeland. Alle segmenta finn ein i innbydinga under med kart og link til Strava.


Tevlinga føregår i tidsrommet onsdag 8. april kl. 07:00 til mandag 13. april kl. 22:00.


Her kan du laste ned innbyding og meir informasjon om arrangementet.


Det er ingen startkontingent, men ein oppmodar deltakarane å VIPPSE ein valfrisum (t.d. kr. 50,- pr. segment ein deltek i) til Førde IL Langrenn. VIPPS nr: 130827


For orden skuld kan ein legge til at langrennsgruppa har fått løyve frå Sunnfjord kommune til å avvikle påskerennet.


Styret i FIL Langrenn ynskjer alle utøvarar og føresette ei retteleg god påske, og lykke til med eit godt påskerenn!!


0 Kommentar

NSF sin koronarettleiar

Postet av Førde IL - Langrenn den 3. Apr 2020

Norges Skiforbund har utarbeida ein eigen koronarettleiar.

Med utgangspunkt i Helsedirektoratet sine presiseringar om idrettsaktivitet og NIF sin anbefalingar, har NSF utarbeida eigne koronavettreglar.

Sjå rettleiaren på skiforbundet sine nettsider


0 Kommentar

Nye avklaringar for idrettsaktivitet

Postet av Førde IL - Langrenn den 2. Apr 2020

Som følgje av situasjonen med koronaviruset la Helsemyndigheitene 01. april fram ei klargjering for utøvelse av idrettsaktivitet.

Les meir på Norges Idrettsforbund sine nettsider


0 Kommentar

Treningstips frå Roger

Postet av Førde IL - Langrenn den 1. Apr 2020

Langrennstrenar Roger Øye Pollen kjem her med sine treningstips for vårsesongen.


Vi går no inn i den delen av sesongen som Norges Skiforbund definerar som avkoplingsperioden. Dette er normalt ein periode kor ein held kroppen i gong med ulike aktivitetar, og driv lystbetont trening. Ein ide er å nytte seg av snøen så lenge den ligg, samt gradvis auke opp mengde av aktivitet på barmark. Å bruke tid i tilvenninga er lurt, då rask auke i treningsmengd truleg er det som forårsaker størst tilfelle av skader. 

 
Trening er ferskvare, og eg oppmodar dermed til å halde hjula i gong. Det er ikkje mykje som skal til for å vedlikehalde formen. På bakgrunn av dette vil eg anbefale ei økt i veka med høg intensitet og gjerne ei økt med innslag av styrke. Foruten dette er perioden no fin til å vere så allsidig dykk berre vil - alt fra toppturar, klatring, osv.

 
Vi vil starte opp med fellestreningar seinare på våren i samråd med helsemyndigheitene.


Om nokon ynskjer ytterlegare treningsrettleiing kan ein kontakte underteikna pr. e-post; rogerpollen@hotmail.com


God Påske, og nyt vårsnøen:-)


Med venleg helsing

Roger Øye Pollen


0 Kommentar

Styret i Førde Langrenn 2020-2021

Postet av Førde IL - Langrenn den 1. Apr 2020

Etter 12 år som leiar har Arne Helgheim valgt og gi seg som leiar for Førde IL Langrenn. Vi i styret takkar for godt samarbeid i desse åra og ser fram til å samarbeide med Yngve Thorsen som no tek over som leiar i langrennsgruppa. 

Første styremøte er alt unnagjort via video messenger😊

Styret Førde Langrenn 2020-2021:

- Leiar: Yngve Thorsen

- Nestleiar: Ørjan Igelkjøn

- Markedsansvarleg: Kristine Steindal

- Ansvar kioskdrift Langeland Skisenter: Gry Alnes

- Dugnad- og arrangementansvarleg: Monica Otternes

- Miljøansvarleg: Anders Bjørkhaug

- Informasjonsansvarleg: Mariann Amsrud Husa

- Økonomi- og systemansvarleg: Asgeir Tveit (ekstern ressurs)

- Laglege: Anders Bjørkhaug og Mariann Amsrud Husa




0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline