Vask av skihytta på Langeland

Postet av Førde IL - Langrenn den 27. Mai 2020

Då er det lenge sidan vi har hatt litt dugnadsarbeid så vi slår til med vask av skihytta og arenabygget på langeland.

Styret i FIL-Langrenn ønsker alle som kan hjelpe, velkomne til nedvask av skihytta 02.06.20 kl. 18:00-20:00. 

Om vi er mange vil jobben være gjort unna på den oppsette tida. 

Oppgåver:

- alle gulvflater skal kostes eller støvsuges før vask. (Fint om nokon tek med ein støvsugar då der er berre ein på hytta).   

-alle tak og veggar skal tørrmoppes

-alle golv og trapper skal vaskes 

-alle toalett og  dusjrom skal vaskes 

-kjøkken skal vaskes

-alle vindu skal vaskes (fint om nokon tar med utstyr til 

-rydde uteområdet

Ein må ta ansvar for kaffikoking! 

Ta med vaskebøtte, tørrmopp med stativ om du har. Golvmoppar og golvklutar er der på hytta.

Sett opp følgane personar til dugnad så vi veit nokon kjem😊 Står du ikkje oppført men har tid og lyst: Velkommen!

- Gry Alnes

- Monica Otternes

- Mariann Husa 

- Kristine Steindal

- Anders Bjørkhaug

- Annette Paulen

- Yngve Thorsen

- Halvard Brekke 

- Ingunn Rørvik

- Ørjan Igelkjøn

- Lars Petter Degnepol



Årets råaste testløp

Postet av Førde IL - Langrenn den 26. Mai 2020

Til tross for at dei fleste nyleg har lagt skia på hylla for i år, gjekk årets tøffaste testløp av stabelen i trasèane på Langeland i kveld.


Statistikk/ Resultat 26.05.2020 Testløp Langeland.pdf


Nybakt trenar i Førde IL Langrenn, Ole Martin Erdal, oppsummerar økta slik: Ei formidabel treningsøkt, og fleire knallgode tider. Eg er rett og slett imponert over kapasiteten til fleire av dei unge løparane her i Førde


Biletserie - Testløp Langeland Skisenter, 26.05.2020:

Frå starten av testløpet.


Elias A. Husa (t.v.) og Aksel Bjørkhaug

Guri Line Brekke.


Magnus Furnes Degnepoll (t.h.) og Stian Helle.

Niklas Bosdal Thorsen (t.v.) og Ole Martin Erdal

Sigve Hafstad Ottesen


Magnus Furnes Degnepoll

Sivert Høyvik


Elias A. HusaAksel Bjørkhaug

Stian Helle


Alle foto: Anders Bjørkhaug.



Toppidrettsstipend til Tefre

Postet av Førde IL - Langrenn den 15. Mai 2020


Langrennsgruppa gratulerar Gjøran Tefre med Førde IL sitt Toppidrettsstipend 2019-2020.

Gjøran er tildelt toppidrettsstipendet med bakgrunn i sine prestasjonar denne sesongen.


Prestasjonar 2019-2020

  • Vinnar av Scandinavisk Cup 2019-2020 (sprint nr. 2, distanse nr. 3)
  • Friplass i World Cup, og fekk heile 9 WC-renn før sesongen vart Korona-avlyst. Var utteken til den avlyste WC-finalen i Canada.
  • Ranka som 57. beste langrennsløpar (75. plass etter førre sesong). 
  • Etter FIS-poeng er han ranka som 10. beste sprintar etter svært gode sprintprologar i World Cup.
  • Beste individuelle resultat: 8. plass på WC-sprinten i Oberstdorf 26.01.2020, samt 3. plass i WC-sprintprologen i Dresden 11.01.2020. 
  • Best stafett-resultat: 2. plass i WC-teamsprinten i Planica 22.12.2019 (ilag med Håvard Solås Taugbøl).
  • Gjøran Tefre har i mange sesongar vore blant verdas beste på rulleski.
  • Gjøran var i mange år med på juniorlandslaget. I år var han ein del av regionlandslaget Team Veidekke Vest, men vi trur og håpar Gjøran aspirerer til sprintlandslaget 2020/2021. Berre 5 norske er betre på siste FIS-ranking, irekna 2 av desse er på allroundlaget

Toppidrettsstipendet er på kr. 10 000,-

Førde IL Langrenn gratulerar!



Oversikt treningar, 9.klasse og eldre våren 2020

Postet av Førde IL - Langrenn den 14. Mai 2020

Oversikt treningar, 9.klasse og eldre våren 2020

Frå 19. mai startar langrennsgruppa opp att treningane for eldste gruppe, dvs. dei som er fødd 2005 og eldre. 

Ein er pålagd å følgje idrettsforbundet sin rettleiar i høve smittespreiing/ korona. Med dette meiner ein at trening føregår i grupper på maks 20 personer. Ein nyttar kun eige utstyr, og ein respekterar avstand på 1m frå kvarandre på trening.

Trenarane har utarbeida ein oversikt over treningsdagane fram mot sommeren. Enkelte av treningene føregår ved Langeland Skisenter. Det vert organiserte treningar tirsdagar og torsdagar. Det er oppgitt forslag til eigentrening i helgane, ev. om utøvarar organiserar seg om felles trening gjennom utøvargruppe på Facebook/Messenger. Treningsplanen er eit utkast, og ein legg opp til justering ut frå alder og nivå ved dei enkelte øktene.


Treningsoversikta laster du ned her:

Førde IL Langrenn trengingsoversikt vår20.pdf



MØT PRESIS! Følgande er obligatorisk på alle treningar: 

- Skiftekle (tørt)
- PERSONLEG drikke og ekstra næring

    

                 


                    

    

    




Førde Langrenn invitere til Miljø- og treningssamling på Sognefjellet

Postet av Førde IL - Langrenn den 9. Mai 2020

Det har vore ein snørik vinter som uheldigvis vart avslutta litt for tidleg. Forøvrig ser det ut til å bli svært gode snøforhold på Sognefjellet i sommar. 

Førde Langrenn invitere difor til Miljø- og treningssamling tidleg i sommarferien.

Tidsrom:            25.-28. juni 2020

Innkvartering: I hytter ved Nymoen Leirplass.
 Sjå
http://www.skjolden.com/nymoen/ for detaljar (inkl. informasjon om hytter, leiligheter og prisar). Nymoen Leirplass ligg i Skjolden, i gåavstand til sentrum. Det tek ca. 30 minutt å køyre opp til skiløypene på Sognefjellet. Innkvartering skjer familievis. Hyttene har stove, soverom, kjøkken og bad med dusj/toalett. Meir informasjon om korleis ein gjer det med måltider vert sendt ut på eit seinare tidspunkt.  

 

Prisane for innkvartering finn ein på nettsidene til Nymoen Leirplass.
 Kvar enkelt familie/ utøvar vert plassert på førehandsbestilte hytter, og ordnar det økonomiske oppgjeret sjølve ved avreise.

 

Trening: Vi tek sikte på ei treningsøkt torsdag, to treningsøkter fredag og laurdag og ei økt søndag. Føremiddagsøktene vert gjennomført på Sognefjellet, medan ettermiddagsøktene vert gjennomført som barmarksøkter i området Skjolden/ Fortun. Transport til og frå Sognefjellet organiserast privat. Påmelde familiar/ utøvarar vert tilsendt detaljar og program for samlinga i begynnelsen av juni.

 

Treningsavgift: Ein legg ikkje opp til noko treningsavgift i samband med samlinga, men alle skal betale løypeavgift til Sognefjellet Sommarskisenter. Prisar og informasjon om løypeavgift finn ved å følgje denne lenka; http://sognefjelletsommerski.no/prisar/

 

Atterhald: I høve til gjennomføringa tek ein atterhald vedr. situasjonen med koronapandemien. Samlinga vert gjennomført med dei retningslinjer som myndighetene krev i høve til smittevern

 

Påmeldingsfrist: 20. mai 2020

 

Påmelding gjer ein til: yngve.thorsen@coop.no

 

 

Med venleg helsing
 FIL Langrenn

 

Førde, 09.05.2020