Dugnadslister for sesongen 2022.

Postet av Førde IL - Langrenn den 29. Des 2021


Dugnadslister for karusellrenna:

Karusellrenn 1 - 110122.pdf

Karusellrenn 2 - 180122.pdf

Karusellrenn 3 - 010222.pdf

Karusellrenn 4 - 080222.pdf

Karusellrenn 5 - 010322 .pdf

Karusellrenn 6 - 080322 .pdf


Sprintstafett 23/1:

Sprintstafett skøyting 230122 .pdf


Sonerenn 19/2:

Sonerenn skicross 190222 (1).pdf


Km klassisk 20/2:

KM klassisk 2022 (1).docx


Kalsetrennet 27/2:

Kalsetrennet 2022 ny.pdf


SSF Cup finale 20/3:

SSF Cup finale 200322 (1).pdf



Kiosk dugnad i helger: 

Kiosk-dugnad helger 2022



Les også gjennom gjeremålslista som gjev ei god innføring i kvar av dugnadsoppgåvene:

https://bloccontent.blob.core.windows.net/files/200000195/1473/2016/12/13/gjerem-l-for-dugnadsmannskap-langeland-versjon-2-2016.doc

Dersom du er sett opp på ein dag eller ei oppgåve som ikkje passar, ber vi om at du byter med nokon andre og gjev beskjed til rennlaiar om kven som kjem.

På førehand Tusen takk for innsatsen.                                                                                                    

Utan alle dei flinke dugnadsfolka, kunne vi ikkje arrangert skirenn for små og store skiløpara!!














Parkering på Langeland 2022

Postet av Førde IL - Langrenn den 26. Nov 2021

Familiar som betalar treningsavgift til Førde I.L. Langrenn får rabatt  til ein bil på parkeringsoblat på Langeland ski- og fritidssenter. Ordinær pris er kr 800.-, medan medlemmer betalar kun kr. 500.-.

Kva du må gjera om dette gjeld deg? Vel du må betala treningsavgifta. Når det er gjort får du tilsendt både faktura og oblat til parkeringa! 

No gler vi oss til det vert skiføre! 



Informasjonsskriv nr. 3

Postet av Førde IL - Langrenn den 19. Nov 2021

No er vinteren rett rundt hjørna og det er snart på tide å finne fram skia, om du ikkje er ein av dei som alt har gjort det då. I det tredje informasjonsskrivet for året finn du mykje informasjon om kva som skjer i løpet av vinteren. Ta gjerne kontakt med oss i styret om det er noko du eller de lurer på.



Snøproduksjonen startar i desember

Postet av Førde IL - Langrenn den 7. Nov 2021

Vasspumpa som gjev vatn til snøproduksjonen på Langeland har pumpa sin siste liter. Etter 18 år i teneste for ivrige langrennsløparar har den takka for seg. Den har gjort si teneste og må skiftast ut. 


Dei gode nyhenda er at dette vart oppdaga før det var aktuelt med snøproduksjon og at ny pumpe allereie er tinga. Langeland skisenter melder at det dessverre, er noko leveringstid på slike pumper.

Difor vil det ikkje vera råd å lage snø på Langeland før i starten av desember, sjølv om vinteren skulle slå til med minusgrader. Vi ber om at alle har forståing for dette, og er glade for at dette vart oppdaga så tidleg. Det gjer at det får liten innverknad på sesongen. Dette syner kor godt og grundig arbeid alle i Langeland skisenter gjer for at vi skal få gå på ski så lenge som råd kvart einaste år!




Magnorpokalar til Rebekka og Niklas!

Postet av Førde IL - Langrenn den 30. Okt 2021

Rebekka Otternes Lundekvam (f. 2007) og Niklas Bosdal Thorsen (f. 2006) vart i dag tildelt Sogn og Fjordane Skikrins sin Magnorpokal. Dette skjedde i samband med Sogn og Fjordane skikrins sitt Haustmøte. Prisdrysset held altså fram for Førde IL langrenn og våre framifrå utøvarar. Dei unge utøvarane vart tildelt prisen for sine prestasjonar i langrennssporet dei to føregåande sesongane. Magnorpokalen vert vanlegvis delt ut til utøvarar i alderen 14-16 år.

                              Niklas Bosdal Thorsen og Rebekka Otternes Lundekvam           Foto: Monica Otternes 

 




Ski- og miljøsamling ved Beitostølen 26-28. november

Postet av Førde IL - Langrenn den 26. Okt 2021

Førde IL Langrenn inviterer til ski- og miljøsamling ved Beitostølen helgen 26-28. november. 


Vi satser på godt snøfall, slik at vi kan komme godt i gang med skiaktiviteter tidleg i sesongen. Samlinga passer for familier med barn frå skulealder og oppover, men det er ingen hindring i at yngre kan bli med. Utøvere vert inndelt i grupper ut frå alder og nivå, slik ein vert inndelt på treninger. For dei yngste deltakarane vert foreldre viktige i oppfølginga. Nærare program og info vert publisert på nettsida og Facebook når det nærmar seg. 

På samlingen bur vi i lag ved Knuts hyttegrend i hytter og/eller leiligheter. Skiløyper er svært nærliggande med både lysløyper (med kunstsnø) og fjell løype traseer. Samlinga vert ei trenings- og miljøsamling, der familiene sjølv syt for innkjøp av mat, men planlegg ei sosial samling laurdagskvelden.

Pristilbod pr hytte:

  • Hytte type 85 kvm nr .1                     10         Kr. 4 900,-
  • Leilighet type 70 kvm                          8         Kr.  3 900,-
  • Leilighet type 120 kvm                      10         Kr.  4 800,-
  • Hytte «Stølen»                                  10         Kr.  4 600.-
  • Hytte nr. 16 og 17     2x 4 p a kr. 2600      =  Kr.  5 200,-
  • Hytte nr 9                                            4         Kr.   2400,-

 

Påmelding med informasjon om alle deltakere, (navn og kontaktinformasjon) inklusive foreldre/føresette sendast helst i god tid, og innan 12. november. Vi ønskjer også alder på utøver. Påmelding sendast på epost til: yngve.thorsen@coop.no 




Årets arrangør!

Postet av Førde IL - Langrenn den 22. Okt 2021

Vi er årets arrangør, kåra av Norges skiforbund! Tenk det, vi er best til å arrangere skirenn i år!

Her er teksten NSF las opp når Førde IL og Gauler IL vart kåra som årets arrangør i langrenn:

"De viste ingenting om den kommende pandemien da de takket ja til å arrangere Equinor NC i 2020. De stod på, de samlet inn sponsortøtte, de tilpasset løypenettet, de engasjerte mange frivillige; MEN de måtte til slutt melde: VI ER HELT KLARE; DET ENESTE VI IKKE HAR KONTROLL PÅ ER SNØEN! Dermed ble 2020-arrangementet avlyst og flyttet.
 De fikk et nytt spørsmål etter 2020-sesongen: Er dere klare til å forsøk på nytt  i 2021?
 JA, var svaret – og i vinter arrangerte de et helt supert arrangement. Engasjerte frivillige, en engasjert hovedkomitee med fokus på oppgaven, sportslig ble det et suverent gjennomført arrangement – og jaggu ble det også et pent økonomisk overskudd!


 Hvem greide dette her?
Førde il og Gauler LF – gratulerer som årets arrangør langrenn!"

 Med vennlig hilsen 

Asgeir Moberg 

Arr. ansvarlig, NSF langrenn


Og dette er det leiaren  Yngve Thorsen vår seier om saka: 

«Vi er glade, stolte og utruleg takknemlege for alle som stiller opp på dugnad for langrennsporten i Sunnfjord- Både under Norgescupen og elles! Dette var ein lagseier og eg gratulerer alle som er glade i langrenn i Sunnfjord. Dette plasserer oss som ein nasjonal aktør med tanke på nasjonale arrangement innan langrenn, og opnar nye dører og moglegheiter i framtida om vi ynskjer det og held fram det gode samarbeidet mellom dei to idrettslaga.» 

Gratulerer alle saman!



Bli med på Spenst Rulleskicup 19. oktober!

Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Okt 2021

Meld deg på det siste rulleskirennet på Langeland i haust! 

Vi held fram vårt gode samarbeid med Spenst, og inviterer til det siste rennet i Spenst Rulleskicup 2021.

Min idrett - Påmelding (nif.no)

Alle frå klasse 11 år (f. 2011) og eldre kan delta! Fyrste start er klokka 18:30.

Påmelding seinast laurdag 16. oktober 2021 

Vi inviterer også alle nybyrjarar på rulleski, frå 7 år og eldre til leik og moro frå kl. 17.30-18.20. Som nybyrjar får du eller dine høve til å prøve rulleski i trygge rammer med god rettleiing av dyktige instruktørar. Denne aktiviteten høver også for deg over 11 år, og som ikkje ynskjer å delta i konkurransen.

foto: Spenst/ Asle Tonning   



Meld deg på treninga i haust!

Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Okt 2021

Vinteren nærmar seg, den gjer det. Mange er godt i gang med treninga, mens andre skal starte no etter haustferien. Felles for alle er at: 

OM DU TRENAR ELLER SKAL TRENE MED LANGRENNSGRUPPA I HAUST, MÅ DU MELDE SEG PÅ TRENINGANE  VED Å BRUKE LINKEN UNDER!

https://response.questback.com/coopnordvestsa/langrennstreningpmelding2122




Informasjonsskriv haust 2021

Postet av Førde IL - Langrenn den 13. Sep 2021

Vedlagt finn du vårt informasjonsskriv for hausten 2021. Her kan du lese om kva som skjer i løpet av hausten. Vi nemner to miljøsamlingar, tre rulleskirenn og ikkje minst Enivest skiskule! God lesnad.




Ei superhelg er over!

Postet av Førde IL - Langrenn den 27. Jun 2021

Etter mange og gode økter var det ein nøgd og sliten gjeng som satte seg i bilane for å køyre heim frå Sognefjellet. Sommarsamlinga vart ein suksess, både sportsleg og sosialt. Det var nok rart for mange å få ski under beina att, men det gjekk seg fort til. Langrennsøktene vart supplert med barmarksøkter som fekk opp pulsen hjå dei fleste. Turen til Fuglesteg er både eit høgdepunkt og ein tradisjon. Når vi i tillegg fekk full sommar er det lett å verte i godt humør. Ved Skjolden brygge vart det grilling i samla lag både ein og to kveldar. Det vart bading, padling og ballspel. Vi håpar alle hadde ei super helg og allereie gler seg til neste år! 

PS: Vi har tatt mange fleire bilder. Nokre av dei kan du sjå på https://www.facebook.com/fordelangrenn

eller på https://www.facebook.com/groups/189339804416559, og om ikkje det er nok så har vi oppretta ei mappe på Dropbox. Den kan du få tilgang til ved å sende ein e-post til lgroteide@gmail.com. Og er du ein av dei som sjølv har teke bilder eller videoar er det flott om du legg dei til i Dropboxmappa, etter at Lars har gjeve deg tilgang. 

 

 


Så seier vi takk for no, og gratulerer Førde IL, friidrett med eit vel gjennomført NM for veteraner. https://www.facebook.com/groups/542653635786188Så seier vi takk for no, og gratulerer Førde IL, friidrett med eit vel gjennomført NM for veteranar.. https://www.facebook.com/groups/542653635786188

 





Detaljinformasjon Sognefjellet

Postet av Førde IL - Langrenn den 18. Jun 2021

24.-27. juni 2021 er det duka for Miljø- og familiehelg i Skjolden/ Sognefjellet. Under følgjer detaljinformasjon til påmelde deltakarar/ føresette.

Informasjon til påmelde 18.06.2021.pdf

Leiligheitsinndeling.pdf

Gruppedeling.pdf

Innbyding og anna informasjon om samlinga



Mesternes mester oppsummert

Postet av Førde IL - Langrenn den 15. Jun 2021

Fart og spenning med Mesternes mester 2021. Håper på like bra fremmøte neste år 🤠💪🏻


Sjå og del på Førde IL Langrenn’s eigen YouTube kanal



Miljø- og familiehelg, Sognefjellet

Postet av Førde IL - Langrenn den 7. Jun 2021

24.-27. juni 2021 er det duka for Miljø- og familiehelg på Sognefjellet. Så langt er det påmeldt i overkant av 30 utøvarar og nesten like mange foreldre.

Ein minner om at det fortsatt er mogleg å melde seg på. Påmelding gjer ein per e-post til yngve.thorsen@coop.no

Meir informasjon om samlinga finn ein her.

Påmeldingsliste pr. 07.2021.pdf



Firda støttar miljøsamlinga vår på Sognefjellet med 15 000.-!

Postet av Førde IL - Langrenn den 3. Jun 2021

Avisa Firda og Sparebankstiftelsen DNB bidrar med 15 000 kroner til miljøsamlinga vår på Sognefjellet torsdag 24.- søndag 27. juni 2021.

Er ikkje det flott!?

Vi takkar Firda og Firda og Sparebankstiftelsen DNB som hjelper oss med å gjere eit flott arrangement enda betre. Dette bidrar til å skape gode opplevingar, positiv aktivitet, rekruttering og hindrar fråfall! 



Resultat Testløp, 25.05.2021

Postet av Førde IL - Langrenn den 25. Mai 2021

Tysdag kveld gjekk Førde IL Langrenn sitt årvisse testløp av stabelen på Langeland. Sjekk ut resultat og statistikk frå løpet som går av stabelen i løypetraseane på Langeland.

Statistikk testløp Langeland.pdf




Premiefest og Meisterens Meister

Postet av Førde IL - Langrenn den 25. Mai 2021

I forbindelse med premiefesten ved Langeland Ski- og Fritidssenter laurdag den 5. juni, ønskjer Førde Langrenn invitere til ei sosial lagkonkurranse i Mesternes Mester ånd.

Stad: 
Langeland ski- og fritidssenter

Tidspunkt:
Laurdag 5. juni 2021, kl 10.00

Målgruppe:
Alle utøvarar i Førde IL Langrenn (uansett alder).

Meisterens Meister vert avvikla som ei lagkonkurranse.Litt avhengig av talet påmelde, vil vi dele inn i jamne lag som skal konkurrere i 4-5 ulike øvingar, der samhald og lagand er viktige faktorar for å kunne gjennomføre og løyse oppgåvene på best mogleg måte.

Vi delar ut ulike premiar og prisar under konkurransen.

Etter konkurransen vert det premiefest og noko godt å bite i.

Atterhald: I høve til gjennomføringa tek ein atterhald vedr. situasjonen med koronapandemien. Samlinga vert gjennomført med dei retningslinjer som myndighetene krev i høve til smittevern.

Påmeldingsfrist: Søndag 30. mai 2021.

Påmelding sender ein på epost tilyngve.thorsen@coop.no

Med venleg helsing

FIL Langrenn




Førde Langrenn inviterer Miljø- og treningssamling på Sognefjellet

Postet av Førde IL - Langrenn den 18. Mai 2021

Førde IL Langrenn ønsker å følgje opp suksessen frå i fjor med ei miljø og treningssamling ved Sognefjellet Sommarskisenter i starten av sommarferien. 

 


Tidsrom: torsdag 24. – søndag 27. juni 2021
(Det er høve får å delta frå fredag om ønskjeleg)

Innkvartering: I leiligheter ved Skjolden Brygge. 

Prisane for innkvartering ved Skjolden Brygge.
- Kr. 2 000,- per døgn for 10 sengs leiligheit (tillegg på kr. 900,- for utvask)
- Kr. 1 300,- per døgn for 4-5 sengs leiligheit (tillegg på kr. 600,- for utvask)

Kvar enkelt familie/ utøvar vert plassert i førehandsbestilte leiligheter, og ordnar det økonomiske oppgjeret sjølve ved avreise.

Trening:Vi tek sikte på ei treningsøkt torsdag, to treningsøkter fredag og laurdag og ei økt søndag. Nokre økter vert gjennomført på Sognefjellet og nokre økter vert gjennomført som barmarksøkt i Skjolden.

Atterhald: I høve til gjennomføringa tek ein atterhald vedr. situasjonen med koronapandemien. Samlinga vert gjennomført med dei retningslinjer som myndighetene krev i høve til smittevern

 Sjå vedlagt skriv for detaljar: Innbyding Sognefjellet 2021.pdf

Påmeldingsfrist: 28. mai 2020 

Påmelding gjer ein til; yngve.thorsen@coop.no


Sjå video frå 2020 samlinga her: https://www.youtube.com/watch?v=F1w9v3dX-ps



Treningsprogram vår 2021

Postet av Førde IL - Langrenn den 15. Mai 2021

Vedlagt finn du treningsprogram for perioden 18. mai og fram til sommarferien for eldste gruppa, dvs. 7.kl og eldre. Helgeøkta gjennomførast forslagsvis samla, men det er ikkje sikkert at trenarressursar vil vere tilstades på desse øktene. Gjennom sommarferien vil det truleg vere eit tilbod på lik linje som i fjor, men dette vert publisert ved eit seinare høve. 

treningsplan_2021_f_rde_il_langrenn.xlsx



På tide å skrive kontrakt til krets- og impulslag!? Fristen er 14. mai!

Postet av Førde IL - Langrenn den 12. Mai 2021

Kvart år får nokre heldige utøvarar tilbod om å delta på krets- og impulslag. No er det på tide å skrive kontrakt med tanke på 21/22-sesongen.

Dei det gjeld, skal ha fått tilsendt tilbod  frå Sogn og Fjordane Skikrins. For å delta på Impulslaget må du vera født i 2006 eller eldre og på kretslaget i 2005 eller eldre. For å delta må kvar utøvar betale ein eigenandel på 1000.- kroner, resten vert dekka av Førde IL Langrenn. 

Kontrakten skal signerast av føresette/ utøver og leiar i langrennsgruppa. Når de har skrive under kontrakten sender de den i pdf- format til yngve.thorsen@coop.no. 

PS: Om nokon saknar tilbod om deltaking på krestag eller impulslag sender de ein e-post til yngve.thorsen@coop.no for nærare informasjon.

foto: Asle Tonning/ Spenst



Protokoll frå Årsmøte, 03. mars 2021

Postet av Førde IL - Langrenn den 8. Apr 2021

Førde IL Langrenn avvikla  Årsmøte 03.03.21.

Under finn ein signert protokoll. 


Årsmøte protokoll signert.pdf.



Informasjonsskriv Vår 2021

Postet av Førde IL - Langrenn den 8. Apr 2021

Langrennsgruppa har som mål å informere betre til eksisterande, nye og komande medlemmer i gruppa. Her kjem det fyrste informasjonsskrivet til alle medlemmar. 

Vi håpar særleg at det er til nytte og motivasjon til dei som er nye i gruppa. Målet vårt er å sende ut tre slike skriv kvar år. 

Meld gjerne til oss om det er noko du vil at vi skriv om, eller tiltak de synes vi bør få til. 

Førde IL Langrenn info. skriv vår 2021.pdf



SSF Lagsmeisterskap i friteknikk

Postet av Førde IL - Langrenn den 14. Mar 2021

Tysdag 16. mars er det duka for SSF Lagsmeisterskap og Merkerenn i friteknikk.

Her følgjer diverse informasjon om arrangementet:

Info. innbyding.pdf

Påmelding

Løypekart.pdf

Dugnadsliste.pdf


Med venleg helsing
Førde IL Langrenn/ Gaular IL Langrenn



Kalsetrennet 2021 er avlyst

Postet av Førde IL - Langrenn den 8. Mar 2021

Kalsetrennet som opphaveleg skulle avviklast søndag 14. mars 2021 er avlyst. 

Bakgrunnen er manglande snøtilhøve i aktuelle løypetrasèar ved Langeland Skisenter, samt vèrprognosane fram mot helga som heller ikkje von om særleg påfyll av snø.

Pr. 08. mars 2021 er det skiforhold i sprintløypene (2km) ved Langeland Skisenter, men det er elles lite eller ingen snø i terrenget.

Det tradisjonsrike turrennet var også terminfesta som distanserenn for aldersbestemte klassar samt KM Langdistanse.



Klart for Lagsmeisterskap i klassisk

Postet av Førde IL - Langrenn den 7. Mar 2021

Tysdag 09. mars 2021 er det klart for Lagsmeisterskap, Merkerenn og Karusellrenn nr. 6 på Langeland.

Ver merksam på at arrangementet vert avvikla i klassisk.

NB! Ettersom dette er Merkerenn skal klassane 10 år yngre gå 2km (ikkje 1km slik ein gjer vil vanleg).

Info. innbyding.pdf

Løypekart.pdf

Dugnadsliste.pdf

Påmelding



Resultat SSF KM sprint 6/3.

Postet av Førde IL - Langrenn den 6. Mar 2021

Laurdag 6 mars vart SSF KM sprint avvikla i Leirdalen i flott vintervær. Førde IL Langrenn stilte med fleire løpara, det vart mange tette duellar og fleire KM madaljar vart med heim til Førde🥇🥈🥉

Resultatliste med prologtider: 

Resultat KM sprint





Styret i Førde Langrenn 2021-2022.

Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Mar 2021


Førde IL Langrenn hadde årsmøte 4 mars, der vart det nye styret for 2021-22 valgt. Vi er glade for at Yngve Thorsen forsett som leiar for langrennsgruppa! Gry Alnes gir seg etter mange års fantastisk innsats for langrennsgruppa, og Lars Grøteide er med som nytt styremedlem.


Styret Førde Langrenn 2021-2022:

- Yngve Thorsen, leiar (attval, leiar blir vald kvart år)

- Ørjan Igelkjøn, styremedlem (ikkje  på val, vald for to år, årsmøtet 2020)

- Monica Otternes, styremedlem – (attval – vald for to år)

- Anders Bjørkhaug, styremedlem – (ikkje på val, vald for to år, årsmøtet 2020)

- Kristine Steindal, styremedlem – (attval – vald for to år)

- Mariann Amsrud Husa, styremedlem – (ikkje på val, vald for to år, årsmøtet 2020)

- Lars Grøteide, styremedlem – (ny – vald for to år)

- Økonomi- og systemansvarleg: Asgeir Tveit (ekstern ressurs)

Årsmøteprotokoll: 

Årsmøteprotokoll 2020 signert.pdf



Lagsmeisterskap og merkerenn

Postet av Førde IL - Langrenn den 1. Mar 2021

Torsdag 04. mars inviterar Førde IL og Gaular IL til Lagsmeisterskap og Merkerenn i friteknikk v/ Langeland Skisenter.

Som følgje av rådande skitilhøve og verprognosane dei kommande dagane, er det pr. måndag kveld (01. mars) usikkert om arrangementet kan avviklast som planlagt.

Endeleg avgjersle om arrangementet kan gå av stabelen torsdag 04. mars, vert tatt onsdag 03. mars 2021 (ca. kl. 19.30).

Ein oppmodar difor alle om å avvente påmelding til ein har teke avgjersle om arrangementet kan avviklast i høve til oppsett plan.

Under følgjer diverse informasjon om arrangementet:

Info. innbyding 04. mars 2021.pdf

Løypekart 04. mars 2021.pdf

Dugnadsliste 04. mars 2021.pdf



Lagsmeisterskapen er utsett

Postet av Førde IL - Langrenn den 28. Feb 2021


Lagsmeisterskapen i friteknikk som opphaveleg skulle avviklast på Langeland tysdag 02. mars 2021 er utsett til torsdag 04. mars 2021.

Årsaka er rådande skitilhøve på Langeland, samt verprognosen dei kommande dagane.



Resultat KM / SSF Cup 28/2.

Postet av Førde IL - Langrenn den 28. Feb 2021

Resultat fra dagens renn finn du her: 

Resultat KM/SSF Cup 

Tusen Takk til alle som stilte opp før, under og etter rennet slik at vi fekk til eit kjekt KM på Langeland! 



Dugnadsliste til KM Klassisk 28/2.

Postet av Førde IL - Langrenn den 26. Feb 2021

Vedlagt finn du dugnadslista til KM klassisk/SSF Cup søndag 28/2:

km ssf cup 2021.pdf



SSF KM Klassisk 28.02.2021 (info. oppdatert 27.02.2021)

Postet av Førde IL - Langrenn den 25. Feb 2021

Innbyding.pdf

Løypekart.pdf

Startliste

QR kode.pdf

Dugnadsliste.pdf

SSF KM Klassisk søndag 28. februar, som opphaveleg skulle avviklast på Ullsheim med Eid IL/Markane IL som arrangør, vert flytta til Langeland med Førde IL/Gaular IL som arrangør.

For meir informasjon og påmelding - sjå skikrinsen sine nettsider. 




Resultat SkiCross 20.02.

Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Feb 2021

Her er resultat fra SkiCross 20.02: 

Prolog

Resultat fra heat 11 år og eldre: 

Resultat heat skicross 20. februar 2021.pdf

SkiCross er gøy😀









Årsmøte FIL Langrenn, 03. mars 2021

Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Feb 2021

Onsdag 03. mars 2021 inviterar FIL Langrenn til Årsmøte.


Stad:
Langeland Skisenter (nye arenabygget)

Tidspunkt:
Onsdag 03. mars 2021, kl. 18.30-20.00

For kven:
Årsmøtet er ope for alle medlemmar i Førde IL Langrenn.

Sakliste:
Vanlege årsmøtesaker.
Andre saker må vere styret i hende innan laurdag 27. februar 2021.

Eventuelle saker sender ein pr. e-post til styreleiar Yngve Thorsen.
E-post; yngve.thorsen@coop.no

Saksdokument:
Innkalling.pdf

Sakliste m framlegg til vedtak.pdf

Årsmelding 2020-2021.pdf

Årsrekneskap Resultatrapport 2020.pdf

Årsrekneskap Balanse 2020.pdf

Budsjett 2021.pdf

Innstilling frå valnemnda.pdf


Vel møtt!


Med venleg helsing
FIL Langrenn

Yngve Thorsen /s/
Leiar






Karusellrenn 16.02.

Postet av Førde IL - Langrenn den 15. Feb 2021

Tysdag 16.02 er det igjen klart for karusellrenn på Langeland.
Stilart: Klassisk

Frist for påmelding: 15.02 kl 23.59. Hugs at alle foresatte må melde seg på arrangementet.


Info. innbyding.docx

Påmelding

karusellrenn 4 2021 (1).docx




Takk for flotte dagar!

Postet av Førde IL - Langrenn den 14. Feb 2021

Førde IL/ Gaular IL ynskjer å takke deltakarar, støtteapparat, funksjonærar og våre samarbeidspartar for nokre fantastiske dagar v/ Langeland Skisenter. 

Vi har gjennomført arrangementet i ein pandemi, og vi kan sjå tilbake på nærast eksemplarisk framferd hjå alle våre gjestar. Til tross for store avgrensingar i høve smittevern, håpar vi alle sit att med gode minner frå Langeland denne helga.

Dette har vore eventyrlege dagar!



Funksjonærar må lever inn akkrediteringsvesten 14/2.

Postet av Førde IL - Langrenn den 13. Feb 2021

Equinor Norgescup, Langeland 12.-14. februar

Minner om at alle funksjonærar må hugse å levere inn akkrediteringsvesten i akkrediteringsbua eller rennkontoret ved arrangementslutt søndag.



Nattevakter på Norgescup!

Postet av Førde IL - Langrenn den 3. Feb 2021

«Hei. Norgescup i langrenn nærmer seg. For å imøtekomme krava til sikkerhet, treng vi nattevakter på Langeland natt til torsdag, fredag, lørdag og søndag.

Vakta starter kl 23.30 og varer til kl 07.30. Det vil være behov for to personer pr vakt og dei skal sjekke uteområdet/parkeringsplass kvar time.

Opphald i god og varm skihytte, med TV, pizza og brus/kaffe og hyggeleg samvær.

(Vi sparer kr 13.000,- på å gjøre dette på dugnad).

 

Meld dere til Bjørn Kristian Sunde, 47903713 eller bjorn.kristian.sunde@vinmonopolet.no



SSFkarusellrenn, tysdag 02.02.2021

Postet av Førde IL - Langrenn den 31. Jan 2021

Tysdag 02.02. er det klart for karusellrenn på Langeland. Stilart; friteknikk.

Frist for påmelding; 01.02.2021, kl. 23.59. Gjer oppmerksam på at distanse for gutar 16 år er 7,5km og ikkje 5km som oppgitt på minidrett.no.

Info. innbyding karusellrenn 3.pdf

Påmelding

Dugnadsliste.pdf

Øvrig informasjon om arrangementet vert publisert her, seinast måndag 01.02.2021.



Resultat sprint 30/1-21.

Postet av Førde IL - Langrenn den 30. Jan 2021


Ein kjekk dag på Langeland i dag, sprintrenn er gøy!


Prolog resultat fra dagens klubbrenn i sprint finn du her;

Resultat sprint

Tusen takk til alle som stilte på dugnad- dokke gjere alle ein kjempejobb!







Klubbrenn i Sprint, laurdag 30.01.2021 (oppdatert info. 29.01.2021, kl. 10.25)

Postet av Førde IL - Langrenn den 25. Jan 2021

INFO. OPPDATERT 29.01.2021, KL. 10.25, MED STARTLISTE

Laurdag 30. januar 2021 er det duka for klubbrenn i sprint på Langeland.

Med bakgrunn i Norges Skiforbund sine presiseringar i høve smittevern (d.s. 20. januar 2021), minner ein om at arrangementet er for utøvarar frå Førde IL og Gaular IL.

Arrangementet er ope for klasse 11 år og eldre.

Ettersom dette arrangementet er trening for funksjonærapparatet som skal avvikle NorgesCup på Langeland 12.-14. februar 2021, vert sprintrennet avvikla slik:

  1. Utøvarar i alle klassar går først prolog.
  2. Deretter vert det avvikla kvartfinale, semifinale og finale slik:
  • Gutar klasse 11-14 år og jenter/ kvinner blir i finalane slått saman til ei klasse
  • G15 år og eldre blir i finalane slått saman til ei klasse

Startliste

Påmelding.
NB! Frist for påmelding er torsdag 28. januar 2021, kl. 23.59.

Innbyding, info., løypekart.pdf

Tidsskjema.xlsx

Dugnadsliste.pdf

Velkommen til skirenn på Langeland:-)




Innstramminger vedr. gjennomføring av utendørsarrangement

Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Jan 2021

Norges Skiforbund forholder seg til gjeldende regelverk, og fra 20. januar er det gjort presiseringer i regelverket. Endringene er en direkte konsekvens av regjeringens oppdaterte anbefalinger, og medfører dessverre en innstramming med tanke på gjennomføring av utendørsarrangement hos oss.

Skiforbundets koronaveileder er oppdatert med siste regler og retningslinjer for gjennomføring av aktivitet for klubber og medlemmer.  

20. januar 2021: 
Presiseringer vedr. gjennomføring av skiaktivitet/ skiarrangement.

Norges Skiforbund forholder seg til gjeldende regelverk og oppdaterte anbefalinger fra regjeringen publisert 18.01. Disse anbefalingene betyr at følgende gjelder for gjennomføring av arrangement og aktivitet for NSFs klubber og organisasjonsledd fra og med 20.01.:

1. Barn og unge under 20 år kan trene og drive idrettsaktivitet internt i egen klubb, forutsatt at det ikke er lokale regler som begrenser gjennomføringen.

2. Skirenn kan gjennomføres for utøvere fra samme klubb/treningsgruppe.
Alle arrangement som samler deltagere fra flere kommuner skal avlyses eller utsettes.


3. For voksne kan organisert trening utendørs gjennomføres forutsatt at god avstand mellom utøverne. Alle skirenn/arrangement for denne aldersgruppen skal avlyses/utsettes.

4. Enkeltstående toppidrettsarrangement kan gjennomføres.

Disse presiseringene gjelder inntil myndighetene gjør endringer i regler og anbefalinger.

Presiseringene oppdateres fortløpende ved eventuelle endringer og ny info fra myndighetene.



Resultat SSF Cup, 16.01.2021

Postet av Førde IL - Langrenn den 16. Jan 2021

I flotte vinterlege forhold gjekk dagens SSF Cup i friteknikk av stabelen på Langeland.

Resultatservice.




SSF Cup Langeland, 16. januar 2021 (info. oppdatert 15.01.2021, kl. 17.40)

Postet av Førde IL - Langrenn den 14. Jan 2021

Laurdag 16. januar 2021 er det duka for SSF Cup v/ Langeland Skisenter. 

Arrangementet inngår i SSF Cup Rekrutt.

Startliste (publisert 15.01.20221, kl. 17.40)
Startliste

Ein ber alle deltakarar vere merksame på at arrangementet vert avvikla i nye løyper/ trasear:
Løypekart.pdf

Som følgje av situasjonen med Covid-19 vert arrangementet avvikla i to kohortar:

  • Start i kohort nr. 1, kl. 12.00 (10 år og yngre)
  • Start i kohort nr. 2, kl. 13.00 (11 år og eldre)

Innbyding/ info. til utøvarar/ føresette og funksjonærar:
Innbyding.docx

Påmelding

Dugnadsliste: 
ssf cup 2021 fri 160121 (1).docx


Vel møtt til skirenn på Langeland!



SSF Cup Langeland 16.januar.

Postet av Førde IL - Langrenn den 8. Jan 2021

SSF Cup Langeland

Laurdag 16. januar 2021 ynskjer Førde IL og Gaular IL velkommen til SSF Cup v/ Langeland Skisenter.

SSF Cup 16. januar skulle opphaveleg avviklast i samband med Klepparennet, men Syril IL utset dette rennet til seinare i vinter. Førde IL/Gaular IL fekk ikkje arrangert SSF Cup på Langeland 3. januar og har tatt på seg å arrangere SSF Cup 16. januar som erstatning.

Arrangementet inngår i SSF Cup for rekrutt (11-16 år) og vert avvikla i friteknikk.

Innbyding, påmelding og dugnadsliste vert publisert så snart dette er klart.



Karusellrenn tysdag 12.januar

Postet av Førde IL - Langrenn den 7. Jan 2021

Tysdag 12. januar 2021 inviterer Førde IL og Gaular IL til eit koronavenleg karusellrenn v/ Langeland Skisenter

STILART: KLASSISK 

NB! Som følgje av situasjonen med Covid-19 vert arrangementet avvikla i to kohortar. 

Under finn du informasjon om rennet - viktig at alle les dette!

Innbyding karusellrenn 12.01.2021.pdf

Påmelding: 

https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/terminliste/arrangement/?eid=365333

Dugnadslista for karusellrenn nr.2: 

karusellrenn-2-2021.pdf

Gledar oss til karusellrenn😊



Trimtex teamshop er åpen frem til 17. januar

Postet av Førde IL - Langrenn den 3. Jan 2021

Trimtex har åpnet team webshop for Førde Langrenn for en ny periode fremover. Nettbutikken for klubbkle vil stenge den 17. januar. Bestilling vil da kunne leveres ca uke 10. Vi har ikke fått prøvekolleksjon tilsendt denne omgangen, men ta ev. kontakt med oss i styret, så kan vi formidle kontakt med noen som har ønsket bekledning i aktuell størrelse, om det er behov for å prøve. På generell basis vil en kunne si at kolleksjonen er litt liten i størrelser.  Husk at du også får rabatter på ordinære varer i Trimtex nettbutikk. 

Om du ikke husker veien til oppretting av bruker i Trimtex nettbutikk, kan du kikke på den gamle informasjonssiden her: Førde Langrenn teamshop er no OPEN (fordeidrettslag.no) 





Karusellrenn nr. 1 utsett.

Postet av Førde IL - Langrenn den 3. Jan 2021

Karusellrenn nr.1 som opphaveleg skulle avviklast tysdag 05. januar 2021 er utsett. Bakgrunnen er fortsatt marginale snøforhold på Langeland. I tillegg pågår det produksjon av kunstsnø, og av sikkerhetsmessige omsyn er det avgrensa ferdsel i området produksjonen føregår.
Vi satsar på gjennomføring av karusellrenn nr.2, tysdag 12. januar.
Og at karusellrenn nr.1 vert avvikla tysdag 19. januar.
Vi ser fram til at skisesongen kjem skikkkeg i gang på Langeland ❄️



Informasjon om karusellrenn.

Postet av Førde IL - Langrenn den 2. Jan 2021

Karusellrennet kommande tysdag blir mest truleg utsett pga manglande snøtilhøve på Langeland.  Forøvrig er det planlagt oppstart av snøproduksjon laurdag ettermiddag/kveld. Om alt går etter planen håpar ein ein å gjennomføre første karusellrenn tysdag 12. januar.

Kjem med oppdatert info i løpet av veka.