Parkering på Langeland 2022

Postet av Førde IL - Langrenn den 26. Nov 2021

Familiar som betalar treningsavgift til Førde I.L. Langrenn får rabatt  til ein bil på parkeringsoblat på Langeland ski- og fritidssenter. Ordinær pris er kr 800.-, medan medlemmer betalar kun kr. 500.-.

Kva du må gjera om dette gjeld deg? Vel du må betala treningsavgifta. Når det er gjort får du tilsendt både faktura og oblat til parkeringa! 

No gler vi oss til det vert skiføre! 



Informasjonsskriv nr. 3

Postet av Førde IL - Langrenn den 19. Nov 2021

No er vinteren rett rundt hjørna og det er snart på tide å finne fram skia, om du ikkje er ein av dei som alt har gjort det då. I det tredje informasjonsskrivet for året finn du mykje informasjon om kva som skjer i løpet av vinteren. Ta gjerne kontakt med oss i styret om det er noko du eller de lurer på.



Snøproduksjonen startar i desember

Postet av Førde IL - Langrenn den 7. Nov 2021

Vasspumpa som gjev vatn til snøproduksjonen på Langeland har pumpa sin siste liter. Etter 18 år i teneste for ivrige langrennsløparar har den takka for seg. Den har gjort si teneste og må skiftast ut. 


Dei gode nyhenda er at dette vart oppdaga før det var aktuelt med snøproduksjon og at ny pumpe allereie er tinga. Langeland skisenter melder at det dessverre, er noko leveringstid på slike pumper.

Difor vil det ikkje vera råd å lage snø på Langeland før i starten av desember, sjølv om vinteren skulle slå til med minusgrader. Vi ber om at alle har forståing for dette, og er glade for at dette vart oppdaga så tidleg. Det gjer at det får liten innverknad på sesongen. Dette syner kor godt og grundig arbeid alle i Langeland skisenter gjer for at vi skal få gå på ski så lenge som råd kvart einaste år!