SSF Lagsmeisterskap i friteknikk

Postet av Førde IL - Langrenn den 14. Mar 2021

Tysdag 16. mars er det duka for SSF Lagsmeisterskap og Merkerenn i friteknikk.

Her følgjer diverse informasjon om arrangementet:

Info. innbyding.pdf

Påmelding

Løypekart.pdf

Dugnadsliste.pdf


Med venleg helsing
Førde IL Langrenn/ Gaular IL Langrenn


0 Kommentar

Kalsetrennet 2021 er avlyst

Postet av Førde IL - Langrenn den 8. Mar 2021

Kalsetrennet som opphaveleg skulle avviklast søndag 14. mars 2021 er avlyst. 

Bakgrunnen er manglande snøtilhøve i aktuelle løypetrasèar ved Langeland Skisenter, samt vèrprognosane fram mot helga som heller ikkje von om særleg påfyll av snø.

Pr. 08. mars 2021 er det skiforhold i sprintløypene (2km) ved Langeland Skisenter, men det er elles lite eller ingen snø i terrenget.

Det tradisjonsrike turrennet var også terminfesta som distanserenn for aldersbestemte klassar samt KM Langdistanse.


0 Kommentar

Klart for Lagsmeisterskap i klassisk

Postet av Førde IL - Langrenn den 7. Mar 2021

Tysdag 09. mars 2021 er det klart for Lagsmeisterskap, Merkerenn og Karusellrenn nr. 6 på Langeland.

Ver merksam på at arrangementet vert avvikla i klassisk.

NB! Ettersom dette er Merkerenn skal klassane 10 år yngre gå 2km (ikkje 1km slik ein gjer vil vanleg).

Info. innbyding.pdf

Løypekart.pdf

Dugnadsliste.pdf

Påmelding


0 Kommentar

Resultat SSF KM sprint 6/3.

Postet av Førde IL - Langrenn den 6. Mar 2021

Laurdag 6 mars vart SSF KM sprint avvikla i Leirdalen i flott vintervær. Førde IL Langrenn stilte med fleire løpara, det vart mange tette duellar og fleire KM madaljar vart med heim til Førde🥇🥈🥉

Resultatliste med prologtider: 

Resultat KM sprint




0 Kommentar

Styret i Førde Langrenn 2021-2022.

Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Mar 2021


Førde IL Langrenn hadde årsmøte 4 mars, der vart det nye styret for 2021-22 valgt. Vi er glade for at Yngve Thorsen forsett som leiar for langrennsgruppa! Gry Alnes gir seg etter mange års fantastisk innsats for langrennsgruppa, og Lars Grøteide er med som nytt styremedlem.


Styret Førde Langrenn 2021-2022:

- Yngve Thorsen, leiar (attval, leiar blir vald kvart år)

- Ørjan Igelkjøn, styremedlem (ikkje  på val, vald for to år, årsmøtet 2020)

- Monica Otternes, styremedlem – (attval – vald for to år)

- Anders Bjørkhaug, styremedlem – (ikkje på val, vald for to år, årsmøtet 2020)

- Kristine Steindal, styremedlem – (attval – vald for to år)

- Mariann Amsrud Husa, styremedlem – (ikkje på val, vald for to år, årsmøtet 2020)

- Lars Grøteide, styremedlem – (ny – vald for to år)

- Økonomi- og systemansvarleg: Asgeir Tveit (ekstern ressurs)

Årsmøteprotokoll: 

Årsmøteprotokoll 2020 signert.pdf


0 Kommentar

Lagsmeisterskap og merkerenn

Postet av Førde IL - Langrenn den 1. Mar 2021

Torsdag 04. mars inviterar Førde IL og Gaular IL til Lagsmeisterskap og Merkerenn i friteknikk v/ Langeland Skisenter.

Som følgje av rådande skitilhøve og verprognosane dei kommande dagane, er det pr. måndag kveld (01. mars) usikkert om arrangementet kan avviklast som planlagt.

Endeleg avgjersle om arrangementet kan gå av stabelen torsdag 04. mars, vert tatt onsdag 03. mars 2021 (ca. kl. 19.30).

Ein oppmodar difor alle om å avvente påmelding til ein har teke avgjersle om arrangementet kan avviklast i høve til oppsett plan.

Under følgjer diverse informasjon om arrangementet:

Info. innbyding 04. mars 2021.pdf

Løypekart 04. mars 2021.pdf

Dugnadsliste 04. mars 2021.pdf


0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline