Resultat Testløp, 25.05.2021

Postet av Førde IL - Langrenn den 25. Mai 2021

Tysdag kveld gjekk Førde IL Langrenn sitt årvisse testløp av stabelen på Langeland. Sjekk ut resultat og statistikk frå løpet som går av stabelen i løypetraseane på Langeland.

Statistikk testløp Langeland.pdf



0 Kommentar

Premiefest og Meisterens Meister

Postet av Førde IL - Langrenn den 25. Mai 2021

I forbindelse med premiefesten ved Langeland Ski- og Fritidssenter laurdag den 5. juni, ønskjer Førde Langrenn invitere til ei sosial lagkonkurranse i Mesternes Mester ånd.

Stad: 
Langeland ski- og fritidssenter

Tidspunkt:
Laurdag 5. juni 2021, kl 10.00

Målgruppe:
Alle utøvarar i Førde IL Langrenn (uansett alder).

Meisterens Meister vert avvikla som ei lagkonkurranse.Litt avhengig av talet påmelde, vil vi dele inn i jamne lag som skal konkurrere i 4-5 ulike øvingar, der samhald og lagand er viktige faktorar for å kunne gjennomføre og løyse oppgåvene på best mogleg måte.

Vi delar ut ulike premiar og prisar under konkurransen.

Etter konkurransen vert det premiefest og noko godt å bite i.

Atterhald: I høve til gjennomføringa tek ein atterhald vedr. situasjonen med koronapandemien. Samlinga vert gjennomført med dei retningslinjer som myndighetene krev i høve til smittevern.

Påmeldingsfrist: Søndag 30. mai 2021.

Påmelding sender ein på epost tilyngve.thorsen@coop.no

Med venleg helsing

FIL Langrenn



0 Kommentar

Førde Langrenn inviterer Miljø- og treningssamling på Sognefjellet

Postet av Førde IL - Langrenn den 18. Mai 2021

Førde IL Langrenn ønsker å følgje opp suksessen frå i fjor med ei miljø og treningssamling ved Sognefjellet Sommarskisenter i starten av sommarferien. 

 


Tidsrom: torsdag 24. – søndag 27. juni 2021
(Det er høve får å delta frå fredag om ønskjeleg)

Innkvartering: I leiligheter ved Skjolden Brygge. 

Prisane for innkvartering ved Skjolden Brygge.
- Kr. 2 000,- per døgn for 10 sengs leiligheit (tillegg på kr. 900,- for utvask)
- Kr. 1 300,- per døgn for 4-5 sengs leiligheit (tillegg på kr. 600,- for utvask)

Kvar enkelt familie/ utøvar vert plassert i førehandsbestilte leiligheter, og ordnar det økonomiske oppgjeret sjølve ved avreise.

Trening:Vi tek sikte på ei treningsøkt torsdag, to treningsøkter fredag og laurdag og ei økt søndag. Nokre økter vert gjennomført på Sognefjellet og nokre økter vert gjennomført som barmarksøkt i Skjolden.

Atterhald: I høve til gjennomføringa tek ein atterhald vedr. situasjonen med koronapandemien. Samlinga vert gjennomført med dei retningslinjer som myndighetene krev i høve til smittevern

 Sjå vedlagt skriv for detaljar: Innbyding Sognefjellet 2021.pdf

Påmeldingsfrist: 28. mai 2020 

Påmelding gjer ein til; yngve.thorsen@coop.no


Sjå video frå 2020 samlinga her: https://www.youtube.com/watch?v=F1w9v3dX-ps


0 Kommentar

Treningsprogram vår 2021

Postet av Førde IL - Langrenn den 15. Mai 2021

Vedlagt finn du treningsprogram for perioden 18. mai og fram til sommarferien for eldste gruppa, dvs. 7.kl og eldre. Helgeøkta gjennomførast forslagsvis samla, men det er ikkje sikkert at trenarressursar vil vere tilstades på desse øktene. Gjennom sommarferien vil det truleg vere eit tilbod på lik linje som i fjor, men dette vert publisert ved eit seinare høve. 

treningsplan_2021_f_rde_il_langrenn.xlsx


0 Kommentar

På tide å skrive kontrakt til krets- og impulslag!? Fristen er 14. mai!

Postet av Førde IL - Langrenn den 12. Mai 2021

Kvart år får nokre heldige utøvarar tilbod om å delta på krets- og impulslag. No er det på tide å skrive kontrakt med tanke på 21/22-sesongen.

Dei det gjeld, skal ha fått tilsendt tilbod  frå Sogn og Fjordane Skikrins. For å delta på Impulslaget må du vera født i 2006 eller eldre og på kretslaget i 2005 eller eldre. For å delta må kvar utøvar betale ein eigenandel på 1000.- kroner, resten vert dekka av Førde IL Langrenn. 

Kontrakten skal signerast av føresette/ utøver og leiar i langrennsgruppa. Når de har skrive under kontrakten sender de den i pdf- format til yngve.thorsen@coop.no. 

PS: Om nokon saknar tilbod om deltaking på krestag eller impulslag sender de ein e-post til yngve.thorsen@coop.no for nærare informasjon.

foto: Asle Tonning/ Spenst


0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline