Ei superhelg er over!

Postet av Førde IL - Langrenn den 27. Jun 2021

Etter mange og gode økter var det ein nøgd og sliten gjeng som satte seg i bilane for å køyre heim frå Sognefjellet. Sommarsamlinga vart ein suksess, både sportsleg og sosialt. Det var nok rart for mange å få ski under beina att, men det gjekk seg fort til. Langrennsøktene vart supplert med barmarksøkter som fekk opp pulsen hjå dei fleste. Turen til Fuglesteg er både eit høgdepunkt og ein tradisjon. Når vi i tillegg fekk full sommar er det lett å verte i godt humør. Ved Skjolden brygge vart det grilling i samla lag både ein og to kveldar. Det vart bading, padling og ballspel. Vi håpar alle hadde ei super helg og allereie gler seg til neste år! 

PS: Vi har tatt mange fleire bilder. Nokre av dei kan du sjå på https://www.facebook.com/fordelangrenn

eller på https://www.facebook.com/groups/189339804416559, og om ikkje det er nok så har vi oppretta ei mappe på Dropbox. Den kan du få tilgang til ved å sende ein e-post til lgroteide@gmail.com. Og er du ein av dei som sjølv har teke bilder eller videoar er det flott om du legg dei til i Dropboxmappa, etter at Lars har gjeve deg tilgang. 

 

 


Så seier vi takk for no, og gratulerer Førde IL, friidrett med eit vel gjennomført NM for veteraner. https://www.facebook.com/groups/542653635786188Så seier vi takk for no, og gratulerer Førde IL, friidrett med eit vel gjennomført NM for veteranar.. https://www.facebook.com/groups/542653635786188

 





Detaljinformasjon Sognefjellet

Postet av Førde IL - Langrenn den 18. Jun 2021

24.-27. juni 2021 er det duka for Miljø- og familiehelg i Skjolden/ Sognefjellet. Under følgjer detaljinformasjon til påmelde deltakarar/ føresette.

Informasjon til påmelde 18.06.2021.pdf

Leiligheitsinndeling.pdf

Gruppedeling.pdf

Innbyding og anna informasjon om samlinga



Mesternes mester oppsummert

Postet av Førde IL - Langrenn den 15. Jun 2021

Fart og spenning med Mesternes mester 2021. Håper på like bra fremmøte neste år 🤠💪🏻


Sjå og del på Førde IL Langrenn’s eigen YouTube kanal



Miljø- og familiehelg, Sognefjellet

Postet av Førde IL - Langrenn den 7. Jun 2021

24.-27. juni 2021 er det duka for Miljø- og familiehelg på Sognefjellet. Så langt er det påmeldt i overkant av 30 utøvarar og nesten like mange foreldre.

Ein minner om at det fortsatt er mogleg å melde seg på. Påmelding gjer ein per e-post til yngve.thorsen@coop.no

Meir informasjon om samlinga finn ein her.

Påmeldingsliste pr. 07.2021.pdf



Firda støttar miljøsamlinga vår på Sognefjellet med 15 000.-!

Postet av Førde IL - Langrenn den 3. Jun 2021

Avisa Firda og Sparebankstiftelsen DNB bidrar med 15 000 kroner til miljøsamlinga vår på Sognefjellet torsdag 24.- søndag 27. juni 2021.

Er ikkje det flott!?

Vi takkar Firda og Firda og Sparebankstiftelsen DNB som hjelper oss med å gjere eit flott arrangement enda betre. Dette bidrar til å skape gode opplevingar, positiv aktivitet, rekruttering og hindrar fråfall!