12 utøvarar skal delta på Norges Cup for junior!

Postet av Førde IL - Langrenn den 26. Jan 2022

Førde Langrenn stiller med rekordstor tropp til NorgesCup for juniorar,  Nes 28.-30. januar 2022!

"Tenk at vi har 12 utøvarar på norgescup frå Førde IL. Det er rett og slett heilt fantastisk!!,"                                   seier leiaren i Langrennsgruppa Yngve Thorsen til den utsendte bladfyken. 

 

Dei tolv er: 

Guri Line Brekke, K17Aksel Bjørkhaug, M17Magnus Furnes Degnepoll, M17
Stian Vårdal Helle, M17Sonde A. Hofstad, M17Mali Monica Engesæter, K18
Linnea Lundekvam, K18Martin Espe, M18Elias A. Husa, M18
Erik Alnes Litsheim, M18Thomas Tefre, M18Ivar Nistad, M19/20

Rennprogram:

Fredag -  Sprint F (NM 19/20 år)

Laurdag – 5/10 km F

Søndag – 10/15km K


Resultatservice og meir info. om arrangementet:

https://www.skiforbundet.no/aasen22/


Førde Langrenn ynskjer alle dei 12 lukke til! 



Lyst til å bli ein enda betre trenar?

Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Jan 2022

Bli med på: Praktisk fagøkt på ski

i Nordfjord, Sunnfjord eller Sogn: 31. januar og 1. februar 2022.

Gjennom skikrinsen sitt prosjekt Utedagen 2022 får lærarar og aktuelle instruktørar i skigruppene tilbod om ei fagøkt/ kurs på ski med dyktig kurslærar.

Du blir introdusert for spanande øvingar og aktivitetar på ski prega av leik og høg grad av aktivitet til bruk i grunnskulen. 

Andre interesserte kan også få delta på fakøkta. Det er kostnadsfritt for alle å delta. 

For å nå flest mogleg legg vi opp til den same fagøkta både i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn: 

  • Måndag 31. januar 2022: Ullsheim Skisenter - kl. 11.00-14.00 
  • Måndag 31. januar 2022: Skileikanlegg i Årdalen, Sunnfjord - kl. 18.00-21.00 
  • Tysdag 1. februar 2022: Heggmyrane Skisenter - kl. 11.00-14.00. 

Påmeldingsfrist: Måndag 24. januar 

Etterpåmelding fram til torsdag 27. januar dersom plass på kurset. 

Påmelding gjer ein til kennet.dvergedal@skiforbundet.no 

Kurset vert gjennomført iht. gjeldande råd for smittevern.

Ved spørsmål kontakt Sogn og Fjordane Skikrins:
E-post kennet.dvergedal@skiforbundet.no
Tlf 406 36 964