Veidekke, vår nye samarbeidspart!

Postet av Førde IL - Langrenn den 20. Apr 2022

Vi ynskjer Veidekke velkommen som ein viktig samarbeidspart og støttespelar i dei komande åra!


Vi har nyleg inngått eit samarbeid som vill bidra til å løfte vår satsing enda eit steg vidare. Veidekke vert frå haustenav synleg på våre klubbklede, på mange av våre arrangement, på nettsidene og på Facebook. 

Kalsetrennet skiftar namn

Kalsetrennet heiter frå 2023 Veidekke Kalsetrennet. Når Veidekke satsar på oss, satsar vi også på Veidekke. 

Veidekke støttar oss året rundt 

Difor er det viktig at vi og synleggjer Veidekke heile året. Eit av våre rulleskirenn vil i åra som kjem heite Veidekke rulleskirenn. No gjelde det å halde fram med den gode treninga mot ein aktiv og morosam rulleskisesong!