Vel blåst KM!

Postet av Førde IL - Langrenn den 17. Jan 2016

Som kjent har det i fleire veker vore ein storstilt dugnad ved Langeland Skisenter for at krinsmeisterskapen i langrenn skulle kunne avviklast. Til tross for at ein delvis måtte tilpasse løypelengder og berre hadde begrensa delar av løypenettet intakt - arrangementet har blitt avvikla på godt vis med godt "gammaldags" vintervèr som ramme - spesielt laurdag var det fint.

Tilbakemeldingar frå Sogn og Fjordane Skikrins, løparar, føresette og andre involverte under helgas arrangement har vore gode. Detaljar kan justerast og det vil alltid vere rom for forbetring, men totalt sett er ein frå Førde IL langrenn si side godt nøgd med gjennomføringa av dei tre KM arrangementa.

Sportsleg har det vore mange gode prestasjonar, både frå Førde IL langrenn sine utøvarar og frå besøkande klubbar. Laurdagens sprint var prega av mange tette duellar - som seg hør og bør under et KM. Fleire av deltakarane har klart å vinne "trippelt" spesiell honnør til desse utøvarane. Om lag 600 deltakarar var påmeldt for dei tre arrangementa, 582 er antallet som har fullført. Forfall skuldast sjukdom undervegs, eit slikt arrangement vil slik sett vere prega av både opp- og nedturar for dei ulike deltakarane.

Frå arrangøren si side er det slik at det ligg mykje dugnadsinnsats bak - i forhold til planlegging og gjennomføring av eit så pass stort arrangement. Om lag 40 personar står på mannskapslista pr dag, fleire av desse har stått på både fredag, laurdag og i dag. Nyttar dermed høvet å takke alle for god innsats - skal vi få til skirenn er vi heilt avhengig av dugnadshjelp!
Ei spesiell takk til rennleiarane desse tre dagane; Torill Øye, Rune Strømmen og Anita Kårstad - som alle har bidrege med erfaring og trygg rennleiing.

Avslutningsvis vil ein rette ei ekstra stor takk til driftsansvarleg ved Langeland Skisenter, Magne Øvrebø. Magne har stått på "seint og tidleg" i samband med snøproduksjon og utkøyring i forkant - på dei tre arrangementsdagane har han bidratt som løypesjef med ansvar for løypekøyringa, og presentert flotte løypeforhold samtlege tre dagar.

Summen av bidrag har resultert i et godt og utviklande arrangement for langrennssporten i fylket - vel blåst til alle involverte!




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.