Førde IL langrenn - Årets langrennsklubb!

Postet av Førde IL - Langrenn den 23. Okt 2016

I helga har Arne vore på haustmøtet til Norges Skiforbund, i Oslo, og motteke prisen for "Årets langrennsklubb". Diplom vart overrekt av leiar i langrennskomiteen Torbjørn Skogstad.

Denne kåringa er ei anerkjenning av det arbeidet, aktiviteten, resultat og kompetanse, som alle involverte har bidrege med gjennom mange år - både sportsleg og administrativt.

Den vurderinga som er gjort av Norges Skiforbund/Langrennskomiteen er mellom anna basert på antal aktive utøvarar innanfor ulike aldersgrupper, antal aktive trenarar, registrert deltaking på klubbrenn, registrerte arrangement og ulike planar på administrativt nivå.

Målet til Førde IL langrenn har alltid vore å skape eit godt og inkluderande langrennsmiljø, som legg til rette for breiddeaktivitet. Over tid har dette resultert i auka rekruttering, og også utvikling av lovande utøvarar, både på junior- og seniornivå. At Norges Skiforbund no har tildelt denne prisen til Førde IL langrenn, viser at aktiviteten i klubben blir lagt merke til. Dette er ein pris til alle som har bidrege for å skape denne aktiviteten.

Gratulerer til trenarar, alle de som har vore løypevakter, stått i kiosken, vore tidtakar, parkeringsvakt, og elles har bidrege med dugnadsinnsats for at born og unge skal kunne drive med langrenn i Førde!

Styret i Førde IL langrenn håpar at denne utmerkinga kan skape ny motivasjon og inspirasjon til alle aktive, og alle de andre som bidreg, i og rundt Førde IL langrenn. Dette kan vi alle saman vere stolte av!


Yngve Thorsen og Arthur Hegrenes var også til stades på prisutdelinga.

Yngve Thorsen og Arthur Hegrenes var også til stades på prisutdelinga



Eit handfast bevis på at Førde IL langrenn er "Årets langrennklubb"


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.