SSF-cup på Langeland søndag 12.mars

Postet av Førde IL - Langrenn den 9. Mar 2017

Som nokre kanskje har fått med seg via Skikrinsen er SSF-cup Tuarennet som skulle vore arrangert i Stigedalen kommande søndag flytta til Langeland. Førde IL er ny arrangør. Rennet går i friteknikk og er opna for påmelding.

Vi meiner det er viktig at ein får arrangert dei krinsrenna som er sett opp, og er sikre på at vi skal klare det, sjølv på kort varsel. Vi er likevel avhengige av litt hjelp frå foreldre. Vi har allereie fått på plass ein del nøkkelpersonell til rennet, men vi manglar folk til mellom anna løypevakter, backup på tidtaking, innsamling av startnr/brikker, måldommar, rigg av stadion osv.

Dersom du har anledning til å hjelpe til set vi stor pris på om du sender ein sms til Magne Kjetil Berg på tlf 99241911 så snart som mogleg.

På førehand takk!


https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/nyhet...


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.