Fakturering trening/medlemskap Førde IL - langrenn

Postet av Asgeir Tveit den 29. Okt 2017

Faktura for trening/medlemskap i Førde IL langrenn vert sendt ut over neste helg. Innan denne tid ber vi om at alle som skal trene/vere medlem av Førde IL langrenn i sesongen 2017/2018 melder seg på via Påmeldingsskjemaet for trening. Skjemaet må altså også sendast inn for dei som ikkje tenkjer å gå på treningane, men berre ynskjer medlemskap i Førde IL langrenn. Vi minner om at de som er etablerte i miljøet også må melde dykk på.

I tillegg til faktura for trening/medlemeskap vert det sendt ut faktura for årskort på Langeland ski- og fritidssenter. Her er det ei avgift for kvar familie. Fram t.o.m 30. november 2017 kan årskort for bruk av skisenteret kjøpast via Førde IL langren på denne måten. Frå 1. desember vil sal via Førde IL langrenn berre skje på kiosken på Langeland og då til full pris. Utsendte fakturaer for årskort på Langeland som ikkje er betalte innan 30. november vert sletta i systemet 1. desember og vil då ikkje vere mogeleg å betale. Ein føresetnad for å få kjøpe årskort er at ein også betalar trenings-/medlemsavgift.


Årskort vert evt. sendt ut i desember.


Alle fakturaer vil bli lagt i MinIdrett, slik at de kan betale fakturaen der. Det er også mogeleg å betale fakturaen via bank.


Medlemsfordelar for dei som har betalt trenings-/medlemsavgift finn de i Sportsplan, som ligg under menyvalet Om Oss på heimesida vår.


mvh asgeir tveit

-økonomi- og systemansvarleg Førde IL langrenn-

 



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.