Miljøsamling på Beitostølen

Postet av Førde IL - Langrenn den 5. Okt 2018

Det er snart klart for ei ny samling på Beitostølen. Dette er ei samling med fokus på miljø, og er opa for alle medlemmer av FIL langrenn med familie.

Tid: Samlinga vert 23.-25. november.

Hytter:  det er bestilt 5 hytter i Knuts Hyttegrend. Det er sengeplass til 6 personar i kvar hytte. 

Pris: 450 kr per person for heile helga.

Sengeklede og handklede: dette må ein ta med sjølve. Det kan ev. leigast for 100 kr per sett

Reingjering: dette ordnar ein sjølve ved avreise

Transport: det vert ordna samkøyring i privatbilar. Gje beskjed i påmelding om du kan køyre eller treng transport.

Påmelding: send e-post til yngve.thorsen@coop.no innan 9.11.2018.


Vi håpar mange har lyst til å vere med på ei kjekk helg på Beitostølen!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.