Resultat frå NM

Postet av Førde IL - Langrenn den 3. Feb 2019

I helga har det vore arrangert NM i Meråker, og det var sjølvsagt Førdeløparar på startstreken.

Fredag deltok både Gjøran Tefre og Torstein Bu på sprinten. Begge gjekk vidare frå prologen som  høvesvis nr. 3 og nr. 18. Dei gjekk i same kvartfinaleheat, der Gjøran klarte å ta seg vidare til semifinalen. Til slutt vart Gjøran nr. 7 og Torstein nr. 22.

Laurdag gjekk Torstein inn til ein god 36. plass på skiathlon.

Søndag stilte Førde IL langrenn stafettlag, der Gjøran og Torstein gjekk saman med Sindre Hoff.  Laget tok ein knallsterk 13. plass! Det gir flott startpososjon til neste år. 

Resultatlister finn de her: https://www.langrenn.com/nm-meraaker-2019-alle-resultater.6185860-1743.html

Bilete viser Gjøran ved eit tidlegare renn.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.