Enivest Rulleskirenn 2020

Postet av Førde IL - Langrenn den 12. Okt 2020

Førde Langrenn takker for eit vellukka gjennomførd reulleskirenn på Langeland i går sundag! Det blei eit flott arrangement med mykje bra gjennomføringar frå 2009-klassen og eldre. Uheldigvis vart haustferiens høgdepunkt, Enivest Skiskule med Gjøran Tefre avlyst grunna smitteomsyn, men Enivest rulleskirenn satte likevel ei flott punktum for haustferien.

Rennet vart avvikla todelt, med juniorar og seniorar på startstreken på føremiddagen. Etter solid gjennomføring og ei kort premieseremoni, vart det så duka for rekruttane, i aldersklassen 2005-2009, der dei yngste gjenn 1 runder i 2km sløyfa, og dei eldste gjekk 3 runder. Konkurransen vart gjennomførd med mykje bra prestasjonar, mestringsfølelse og utan større skader. 

Sjå Førde Langrenn sin oppsummering i videoen under for litt feelgood frå dagen i går. Vi gler oss alle til vinteren, og mange flotte skirenn på Langeland skisenter!!


https://www.youtube.com/watch?v=uaq1ng4CoQI


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.