Ei superhelg er over!

Postet av Førde IL - Langrenn den 27. Jun 2021

Etter mange og gode økter var det ein nøgd og sliten gjeng som satte seg i bilane for å køyre heim frå Sognefjellet. Sommarsamlinga vart ein suksess, både sportsleg og sosialt. Det var nok rart for mange å få ski under beina att, men det gjekk seg fort til. Langrennsøktene vart supplert med barmarksøkter som fekk opp pulsen hjå dei fleste. Turen til Fuglesteg er både eit høgdepunkt og ein tradisjon. Når vi i tillegg fekk full sommar er det lett å verte i godt humør. Ved Skjolden brygge vart det grilling i samla lag både ein og to kveldar. Det vart bading, padling og ballspel. Vi håpar alle hadde ei super helg og allereie gler seg til neste år! 

PS: Vi har tatt mange fleire bilder. Nokre av dei kan du sjå på https://www.facebook.com/fordelangrenn

eller på https://www.facebook.com/groups/189339804416559, og om ikkje det er nok så har vi oppretta ei mappe på Dropbox. Den kan du få tilgang til ved å sende ein e-post til lgroteide@gmail.com. Og er du ein av dei som sjølv har teke bilder eller videoar er det flott om du legg dei til i Dropboxmappa, etter at Lars har gjeve deg tilgang. 

 

 


Så seier vi takk for no, og gratulerer Førde IL, friidrett med eit vel gjennomført NM for veteraner. https://www.facebook.com/groups/542653635786188Så seier vi takk for no, og gratulerer Førde IL, friidrett med eit vel gjennomført NM for veteranar.. https://www.facebook.com/groups/542653635786188

 




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.