Velukka Årsmøte!

Postet av Førde IL - Langrenn den 5. Mar 2022

 

Onsdag 2. mars gjennomførte Førde Langrenn eit vellukka årsmøte! Alle saker vart vedteke einstemmig og styret vart valt ved akklamasjon.

Høveleg god økonomi:

Rekneskapen syner eit imponerande overskot på kr. 151 727.-. Storparten kjem frå Equinor Norgescup for seniorar. Dette saman med ein god likviditet frå før, gjer oss gått rusta til å satse vidare på Førde Langrenn!

Endring i treningskontingenten:

Årsmøtet vedtok nokre justeringar i treningskontingenten. Det er mange år sidan dette vart gjort sist og årsmøtet fann det riktig å gjera nokre justeringar. Førde Langrenn skal framleis vere eit lågterskeltilbod for alle og kontingenten er framleis i nedre sjikt om vi samanliknar oss med andre grupper i Førde idrettslag.

Dei nye satsane vert:

Treningskontingent barn 1-4 klasse 
 kr. 950,-
Treningskontingent barn 5-9 klasse   
   kr. 1 200,-
Treningskontingent 10 klasse og eldre
  kr. 1 500,-
Støttemedlemer (ikkje medlemsfordelar)   
 kr.   250,-


Vi skal lage Utviklingsplan! 

Vi skal lage vår heilt eigen utviklingsplan. Ein slik plan skal sei noko om korleis Førde Langrenn skal utvikle seg vidare, kva mål vi skal setje oss og korleis vi skal nå desse måla! Meir om dette i eiga sak.


Stabilt styre

Valet synte stor stabilitet i styret vårt. Berre eit verv var ledig. Førde Langrenn er så heldige at Tonje Siren Bjørset har takka ja til å tre inn i styret, og vi ser fram til å samarbeide med Tonje. Alle val vart gjort ved akklamasjon.

Oppsummert vart dette eit god årsmøte med gode drøftingar, godt humør og god stemning. Til neste år håpar vi at enda fleire tar turen innom gruppa sitt øvste styrande organ! 

Vedlagt finn du protokollen frå årsmøtet.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.