Miljø- og familiehelg Sognefjellet

Postet av Yngve Teodor Thorsen den 26. Apr 2023

Førde IL Langrenn inviterar til Miljø- og familiehelg på Sognefjellet/ Skjolden, 16.-18. juni 2023.

Samlinga er open for alle - ingen nedre aldersgrense.

Innkvartering:

  • Innkvartering i leiligheiter v/ Skjolden Brygge frå 16.-18. juni 2023.
  • Pris for innkvartering, kr. 390,- per person per døgn.
  • Informasjon om Skjolden Brygge; https://skjolden.com/skjolden-brygge/

Rammeprogram:

  • Fredag 16. juni 2023:
    • Barmarksøkt i Skjolden/ Mørkridsdalen, kl. 18.00.
    • Felles kveldsmat, kl. 21.00

  • Laurdag 17. juni 2023:
    • Økt nr. 1/ friteknikk, Sognefjellet, kl. 09.00
    • Økt nr. 2/ klassisk, Sognefjellet, kl. 14.30
    • Felles middag, kl. 19.00
       
  • Søndag 18. juni 2023:
    • Økt nr. 1/ friteknikk, Sognefjellet, kl. 09.00

Treningsavgift:

  • Ingen treningsavgift, men utøvarar og føresette dekkar sjølv opphaldet v/ Skjolden Brygge.

Påmelding:

Påmelde utøvarar og føresette vert tilsendt detaljinformasjon om samlinga i god tid før samlingsstart.


 // Førde IL Langrenn//


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.