Fellestreningar tidleg haust, veke 36-41
Postet av Yngve Teodor Thorsen den 29. Aug 2016
Fellestreningane til langrennsgruppa startar opp att i veke 36, med faste treningar tysdag og torsdag t.o.m. haustferien (veke 41).
Ingen aldersgrense. Alle er velkomne.
TORSDAGAR KL. 18.00 - RULLESKI
Torsdagane legg ein opp til rulleski friteknikk/ klassisk. Utgangspunktet for dei fleste øktene vil vere ambulansestasjonen på Tefre, forøvrig skal ein vere merksam på at nokre av øktene vert lagt til andre stader i nærleiken av Førde.
TRENINGSPLAN VEKE 36-41
Tirsdag 06. september kl.18.00, Hafstadfjellet (frammøte på Bruland Lågpris)
Torsdag 08. september kl. 18.00, Angedalen (frammøte ambulansestasjonen)
Tirsdag 13 september kl. 18.00, Reset
Torsdag 15. september kl. 18.00, Angedalen (frammøte ambulansestasjonen)
Tirsdag 20. september kl. 18.00, Hafstadfjellet (frammøte på Bruland Lågpris)
Torsdag 22. september kl. 18.00, Angedalen (frammøte ambulansestasjonen)
Tirsdag 27. september kl. 18.00, Reset
Torsdag 29. september kl. 18.00, Angedalen (frammøte ambulansestasjonen)
Tirsdag 04. oktober kl. 18.00, Hafstadfjellet (frammøte på Bruland Lågpris)
Torsdag 06. oktober kl. 18.00, Angedalen (frammøte ambulansestasjonen)
Tirsdag 11. oktober kl. 18.00, Reset
Torsdag 13. oktober kl. 18.00, Angedalen (frammøte ambulansestasjonen)
Ver merksam på at det garantert vert endringar i planen ovanfor, men dette vil i hovudsak gjelde stad for frammøte i samband med rulleskiøktene. Endringar i treningsplanen vert publisert på Førde IL Langrenn sine nett- og facebooksider.
Hovudtrenarar er Kjetil Husevåg Strømmen og Daniel Tormodset. I tillegg stiller Eivind Skaar og Yngve Thorsen som hjelpetrenarar.
Minner elles om rulleskivettreglane;www.skiforbundet.no/langrenn/rulleski/rulleskivett... .
Anbefalt aldersgrense er 15 år. Yngre utøverar bør øve på lite traffikerte område. Til dømes Hafstadparken, rulleskøyter kan med fordel nyttast av dei yngste. Dersom foreldre ikkje kan gå med, så kan ein gjerne sykle saman med utøvarane.
Rulleski/rulleskøyter er ein artig og god treningsform, men hugs at du er ein mjuk traffikant!
Avslutningvis kan ein legge til at det vert lagt ut ny plan for fellstreningane frå haustferien og fram til jul seinare i haust.
Med venleg helsing
Eivind Skaar og Yngve Thorsen (29.08.2016)
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.