Dugnad i løypenettet på Langeland - i dag torsdag kl. 18-20.

Postet av Førde IL - Langrenn den 2. Mar 2017

For å sikre skiforholda i lysløypenettet prøver vi å få gjort ein jobb med snømåking på utsette stadar. Vi tar denne dugnaden i samband med skitreninga i kveld, og håpar då at mange av foreldrene kan bidra!

Dette vil vere viktig for å sikre forhold til å arrangere renn kommande laurdag, og også lagsmeisterskapet i neste veke.

  • Ooppmøte kl. 18.00 ved skihytta
  • Ta med eiga snøskuffe/spade og godt humør :-)
  • Oppmodar alle som har høve til å stille - då blir jobben meir overkommeleg for alle.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.