Premiefest søndag 7. april

Postet av Førde IL - Langrenn den 29. Mar 2019

Årets premiefest vert arrangert søndag 7. april på Scandic Sunnfjord hotell. Festen startar kl 15:30 og den vil truleg vere ferdig rundt kl 18:30.

Program for dagen:

  • Premiering av dei som har delteke på 4 eller fleire SSF-cup (karusellrenn)
  • Premiering for lagsmeisterskap klassisk og fristil
  • Skimerke
  • Kaker og kaffi
  • Loddsal (10 kr per lodd)
  • Det vert trekt ut premiar for utøvarar som har delteke på alle 6 karusellrenna
  • Det vert trekt ut premiar for dei som har vore dugnadspersonell gjennom sesongen 


PS. Liste over kakebakarar blir lagt ut straks.

Velkommen til fest!




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline