God innsats på Helse Førde-stafetten

Postet av Førde IL - Langrenn den 13. Jun 2019

Førde IL langrenn hadde mange løparar i aksjon under gårsdagens Helse Førde-stafett. I alt stilte 8 lag med 6 løparar på kvart lag. Laga for dei yngste løparane var i samarbeid med Førde IL friidrett. I tillegg tok fleire løparar heile løypa åleine. Bildet over viser alle ungdomsløparane våre. Ein flott gjeng!

Det vart også mange gode resultat, og nokre av desse var som følgjer:

Oliver Bosdal Thorsen og Aksel Bjørkhaug vart nr 1 og 2 på singelstafetten for ungdom og Roger Øye Pollen vart nr. 2 for senior. 

Førde langrenn lag 2 og 3 vart nr 1 og 2 i ungdomsstafetten og seniorlaget vårt vart nr. 2 i klassen for vaksne.

Bildet over viser laget vårt som vann ungdomsklassen: f.v Ludvik Rørvik, Tobias Holme. Mathias Helgheim, Thomas Tefre, Kasper Holme og Sigve Hafstad Ottesen.

Fullstendig resultatliste finn du her: https://xn--helsefrdestafetten-l4b.no/_files/200000099-85c6386c17/Resultat%20%202019-5.pdf 

Godt jobba til alle utøvarar og også til alle dykk som stilte på dugnad!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.