Treningstips frå Roger

Postet av Førde IL - Langrenn den 1. Apr 2020

Langrennstrenar Roger Øye Pollen kjem her med sine treningstips for vårsesongen.


Vi går no inn i den delen av sesongen som Norges Skiforbund definerar som avkoplingsperioden. Dette er normalt ein periode kor ein held kroppen i gong med ulike aktivitetar, og driv lystbetont trening. Ein ide er å nytte seg av snøen så lenge den ligg, samt gradvis auke opp mengde av aktivitet på barmark. Å bruke tid i tilvenninga er lurt, då rask auke i treningsmengd truleg er det som forårsaker størst tilfelle av skader. 

 
Trening er ferskvare, og eg oppmodar dermed til å halde hjula i gong. Det er ikkje mykje som skal til for å vedlikehalde formen. På bakgrunn av dette vil eg anbefale ei økt i veka med høg intensitet og gjerne ei økt med innslag av styrke. Foruten dette er perioden no fin til å vere så allsidig dykk berre vil - alt fra toppturar, klatring, osv.

 
Vi vil starte opp med fellestreningar seinare på våren i samråd med helsemyndigheitene.


Om nokon ynskjer ytterlegare treningsrettleiing kan ein kontakte underteikna pr. e-post; rogerpollen@hotmail.com


God Påske, og nyt vårsnøen:-)


Med venleg helsing

Roger Øye Pollen


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.