Oversikt treningar, 9.klasse og eldre våren 2020

Postet av Førde IL - Langrenn den 14. Mai 2020

Oversikt treningar, 9.klasse og eldre våren 2020

Frå 19. mai startar langrennsgruppa opp att treningane for eldste gruppe, dvs. dei som er fødd 2005 og eldre. 

Ein er pålagd å følgje idrettsforbundet sin rettleiar i høve smittespreiing/ korona. Med dette meiner ein at trening føregår i grupper på maks 20 personer. Ein nyttar kun eige utstyr, og ein respekterar avstand på 1m frå kvarandre på trening.

Trenarane har utarbeida ein oversikt over treningsdagane fram mot sommeren. Enkelte av treningene føregår ved Langeland Skisenter. Det vert organiserte treningar tirsdagar og torsdagar. Det er oppgitt forslag til eigentrening i helgane, ev. om utøvarar organiserar seg om felles trening gjennom utøvargruppe på Facebook/Messenger. Treningsplanen er eit utkast, og ein legg opp til justering ut frå alder og nivå ved dei enkelte øktene.


Treningsoversikta laster du ned her:

Førde IL Langrenn trengingsoversikt vår20.pdf



MØT PRESIS! Følgande er obligatorisk på alle treningar: 

- Skiftekle (tørt)
- PERSONLEG drikke og ekstra næring

    

                 


                    

    

    



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.