Spanande samarbeid med Spenst!

Postet av Lars Grøteide den 6. Mai 2021

Langrennsgruppa har starta eit 3-årig samarbeid med Spenst Førde. 

Alle medlemmer får no gode rabattar på eit supert og topp moderne treningssenter. Som ein del av samarbeidet med Førde IL langrenn har Spenst investert i rulleskimølle (klassisk). No kan du trene godt, allsidig og målretta i allslags vær!

Aksel, Kent Roger, Niklas og Guri  den nye rulleskimølla!    alle foto: Spenst/ Asle Tonning  Aksel, Kent Roger, Niklas og Guri på rulleskimølla!                   Alle foto: Spenst/ Asle Tonning                    

Rabattar til alle:

Ved kjøp av medlemskort hjå Spenst vil du få anten  50 eller 100 kroner i rabatt kvar månad. Avhengig av medlemskap vil det gje deg ei innsparing på heile 600.- eller 1200.- kroner i året- berre ved å vere medlem i langrennsgruppa! Alle medlemskapa inkluderer ein PT Start time med personleg trenar. Du får også 15 % rabatt på bruk av den heilt nye rulleskimølla.                                                                    

 

Utøvarar på krins- og impulslag

I avtalen med Spenst vil utøvarar på krins- og impulslag få ekstra oppfølging:

  • Spenst sponsar utøvarane på krins- og impulslag med Spenst basis årsmedlemskap
  • Utøvarar på krins- og impulslag får nytte rulleskimølla kostnadsfritt
  • Frå skulestart til jul vil denne gruppa ha 1 organisert fellestrening på Spenst per veke
  • Kvar av desse utøvarane får ei screening gjennomført av Spenst/Helsehuset Førde, og dei vil                gjennomgå årleg test av O2-opptak og laktattest. Dette vert nytta til å lage eit spesialtilpassa             treningsprogram til kvar enkelt 


Niklas Bosdal Thorsen

Treningslappen:


Alle medlemmer i Langrennsgruppa i alderen 11-15 år får rabatt på treningslappen. Ordinært kostar den 1299.-. Våre medlemmar betalar 800.- Utøvarar på krins- og impulslag treng ikkje å ta treningslappen.






Spenst vert synleg i langrennsgruppa:

For alle sine satsingar på oss i Førde IL langrenn vil sjølvsagt Spenst ha noko att. Mellom anna vil vi sjå logoen deira att på klede og på nettsida vår. Det kan godt hende Spenst er med på nokre av våre arrangement og vi gler oss å arrangere nyvinninga Spenst rulleskicup to gonger i året.

Førde IL Langrenn meiner dette er eit løft for heile langrennsgruppa, og vi ser fram til eit godt og framtidsretta samarbeid med Spenst Førde! 


Guri Line Brekke

                                                                         Aksel Bjørkhaug

 




0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline