Rulleskirenn på Langeland

Postet av Yngve Teodor Thorsen den 17. Sep 2021

I haust inviterar Førde IL og Gaular IL til tre rulleskiarrangement på Langeland.

Første arrangementet går av stabelen tysdag 28. september, medan dei to andre arrangementa vert avvikla høvesvis søndag 10. oktober og tysdag 19. oktober 2021.

Ver merksam på at arrangementet 10. oktober inngår i Enivest Skiskule.

Konkurranseklassane er opne for klasse 11 år og eldre (f. 2011). 

Til arrangementa 28. september og 19. oktober inviterar vi nybegynnarar på rulleski frå 7 år og eldre til leik og moro frå kl. 17.30-18.20. Her vil ein, som nybegynnar, få moglegheit til å prøve rulleski i trygge rammer, med god rettleiing av dyktige instruktørar. Denne aktiviteten høver også for deg over 11 år, og som ikkje ynskjer å delta i konkurransen.

Sjå innbydingane under for meir informasjon om dei ulike arrangementa.

Innbyding 28. sept. 2021.pdf

Innbyding Enivest Rulleskirenn.pdf

Innbyding 19. okt. 2021.pdf

Påmelding gjer ein via www.minidrett.no

Spenst RulleskiCup, 28.september

Enivest Rulleskirenn, 10. oktober

Spenst RulleskiCup, 19. oktober


Vel møtt!


Med venleg helsing
Førde IL Langrenn/ Gaular IL Langrenn 



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.