Kalsetrennet 2016 oppsummert

Postet av Førde IL - Langrenn den 29. Feb 2016

Det 44. Kalsetrennet vart avvikla under flotte forhold på Langeland søndag 28. februar.

Best tid i seniorklassa stod ekteparet Bodil Ryste og Andre Haugsbø frå Gaular IL for, og dei vann dermed dame og herreklassa for andre året på rad. Vinnar av Knut Grimeland "Knut" pokalen for beste 3-manns lag vart Førde IL langrenn, representert ved Brage Burø Sunde, Adrian Helgheim og Vegard S. Hegrenes. Totalt 111 løparar fullførte i dei ulike konkurranse klassane i dag - i tillegg til dei fleire hundre som gjekk i trimklassa.

Dessverre var det eit par løparar som var uheldige og skada seg undervegs i dag, då er det godt å ha Førde Røde Kors på plass som kan sørge for assistanse og oppfølging. Gaulars Sindre Hoff "ofra" seg ved å hjelpe den eine som skada seg,og måtte følgeleg bryte eige løp. Ansvarleg og flott gest av Sindre, slikt står det virkeleg respekt av.

For å få til eit arrangement som Kalsetrennet er det mange som er involvert med planlegging og gjennomføring av dei ulike arbeids- og dugnadsoppgåvene. Stor takk til alle som har bidratt - hugs at alle bidrag er avgjerande for at ein skal få til eit arrangement som Kalsetrennet.

Ekstra takk til Ole Johan Hegrenes for rutinert rennleiing, til drifts og løypeansvarleg Magne Øvrebø samt til Torill Øye som på kort varsel "steppa inn" som speaker.

Vidare takk til alle bedrifter som har bidratt med gåvepremiar og økonomisk støtte til arrangementet - samt samarbeidspartnar Erdal Sport for smøreservice. Oversikt over desse finn de her:


Gåvepremiar-Kalsetrennet-16.docx

Økonomisk støtte Kalsetrennet 2016.docx


Vel blåst til alle som har bidratt!



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.