Kongleskileik


Tid


Sted

Vis kart

Kongleskileik

Postet av Førde IL - Langrenn den 15. Mar 2018

I samarbeid med vår hovedsponsor Sparebanken Sogn og Fjordane vert det søndag arrangert Kongleskileik.

Dette skriv Sparebanken Sogn og Fjordane på heimesida si: 

"Førde

Kongleskileik på Langeland søndag 18. mars

KongleskileikDå er det klart for årets skileik!

Stad: Langeland – frammøte ved skihytta Dag: Søndag 18. mars Tidspunkt: kl. 12:00 – vi avsluttar ca kl. 15:00

Instruktørar frå langrennsgruppa i Førde Idrettslag vil i samarbeid med banken arrangere skileik og anna moro i snøen på Langeland.

For å vere med på skileikane treng du skiutstyr, godt med klede, mat og drikke. Du kan også ta med deg akebrett om du ønskjer det.

Vi håper at mor, far eller ein annan vaksen person kan vere med deg i løypa og at dei også tek med seg ski. I matpausen samlast vi rundt bålet der det er høve til å grille medbrakte pølser. Vi serverer varm og kald saft.

Diplom til alle som deltek.

Skileiken passar best for barn mellom 3 og 10 år, men ta gjerne med søsken eller ein ven som ikkje er Konglekunde.

Ser deg på Langeland! "


Administratorer


Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.